CBIS 6421958

Musikalen LITTLE WOMEN

Årets skulemusikal ved Eid vidaregåande skule er ei morosam framsyning som handlar om livet til fire søstre, med opp- og nedturar, glede og sorg, sydd saman av nydeleg musikk. Over 30 elevar er med i Broadway-musikalen.

Årets skulemusikal ved Eid vidaregåande skule, er «Little women»! Broadway-musikalen er basert på romanklassikaren med same namn ("Småfrøkner" på norsk) frå 1869 av Louise May Alcott. Han handlar om dei fire søstrene Jo (Sunniva Flaten Brekke), Meg (Marie Jakobsen Lillestøl), Beth (Ingeborg Nord Holmgren) og Amy (Hanna Stautland Taklo) som bur saman med mor si (Ingeborg Myklebust) i Massachusetts, medan far deira kjempar i borgarkrigen.

Jo ynskjer å bli forfattar, men finn det vanskeleg å bli publisert sidan ho er kvinne. Ho avslår også eit frieri frå den unge Laurie (Peder Lillestøl Naustdal) og vil heller ikkje la seg «omdanne» til finfrøken av si rike tante March (Susanne Rønnekleiv). Meg, derimot, er ein romantikar og seier, ja til frieriet frå den litt eldre Mr. John Brooke (Andreas Abildsnes).

Andre større roller er Prof. Bhaer (Iver Flyum Bjørlo), Mr. Laurence (Jardar Solheim Bjørke) og Mrs. Kirk (Ida Jansen Bredesen). I tillegg er det 24 dyktige elevar med i kor, dans og andre roller.

Dette morosame stykket handlar vidare om livet til dei fire søstrene med opp- og nedturar, glede og sorg, sydd saman av nydeleg musikk, skrive av Jason Howland. Tekstane er skrive av Mindi Dickstein og manuskriptet er skrive av Allan Knee. Stykket vart sett opp på Broadway i 2005. Ein har tidlegare også kunne sett klassikaren både som TV-serie og film, og etter nyttår er den populære historia om dei fire søstrene igjen klar for filmlerretet.

Regissør for vår produksjon er Michael Pavelich, koreograf er Candice Bredesen og faglærarar er Toril Hembre Runderheim og Gislaug Heinum.

Dette er ein amatørproduksjon presentert via Music Theatre International (Europe). Alt materiale er også leigd av MTI Europe.