Blad
©Thomas Sagvik

I Nordfjord er det fleire miljømerka kommunar, bedrifter, tenester og produkt. Bedriftene som er miljøsertifisert kan f.eks. få tildelt svanemerket, miljøfyrtårn, grønt punkt, green key m.m. Det er i dag blitt eit stort fokus på miljøet vårt, og bedrifter i Nordfjord har engasjert seg i kampen mot eit bærekraftig samfunn som gagner naturen på lik linje som innbyggarane og turismen. I Nordfjord er det fleire bedrifter som jobbar aktivt med å få sertifiseringar. Loen Skylift som opna i 2017 er blant dei som er i gong med prosessen om å bli miljøsertifisert. I Nordfjord er Gloppen, Stryn og Stad sertifiserte miljøfyrtårn kommuner.

 

Kva vil det seie å vere miljøsertifisert?
Å vere miljøsertifisert vil seie at verksemda er ein del av eit eksternt miljøstyringssystem. Dette gjev potensielle kundar og eksterne aktørar innblikk i verksemda sine metodar for å redusere sin innverknad på verda og miljøet. Å vere ein del av eit miljøstyringssystem krev minimum ein årleg miljøhandlingsplan, følge miljøhandlingsplanen gjennom året og at ein levar ein årleg miljørapport som inneheld miljøregnskapet og vurderinga av det.

Svanemerke.
For at ein som forbrukar skal ha ei reel mogleghet til å ta et miljøriktig val, er det mange ting som må belysast og dokumenterast. Når eit produkt, eller ei teneste har blitt svanemerka har det bestått den objektive vurderinga til miljømerking. Heile livssyklusen til produktet eller tenesta blir vurdert frå råvare til produksjon, og miljømerking stiller difor strenge krav. Bedrifta må kunne belyse og dokumentere alt frå råvareutvinning, lokal forureining, kjemikaliar og energiforbruk til kvalitet, helse og etikk. Når alle krav er oppfylt, blir dette kontrollert av et utval i miljømerkinga. Først da blir det avgjort om tenesta eller produktet er kandidat for å få svanemerket.

Miljøfyrtårn. 
Miljøfyrtårn er en stiftelse etablert 13. November 2003 i Kristiansand. Miljøfyrtårn er ett ledelsessystem for bedrifter som ønsker å vise og dokumentere sin miljøinnsats. Ordningens hensikt er å heve miljøprestasjonen i små, mellomstore og offentlige bedrifter. Bedrifter som oppfyller definerte bransjevilkår kan sertifiseres som miljøfyrtårn. For at en bedrift skal være sertifisert krever det at det årlig sendes inn en miljørapport og at bedriften re-sertifiserer seg hvert 3. år. Dersom en bedrift er et miljøfyrtårn betyr det at bedriften sammen med dens produkter og tjenester er bærekraftig.

Green Key.
Green Key er den internasjonale miljøsertifiseringa for overnattingsstadat, hotell og andre reiselivsbedrifter.

Hensikten er å fremje bærekraftig turisme, samt bidra til å forebygge klimaendringar ved å belønne og støtte verksemde som gjennomfører positive miljøtiltak. Med over 2600 sertifiserte verksemde i 56 land er green key ein av dei største globale miljømerka. Green Key er eit bevis på at verksemda tek omsyn til miljøet og aukar bevisstheita til tilsette og kundar som gjev bærekraftige rutinar, reduserer energiforbruk og ressursforbruk.

Grønt punkt.
Grønt punkt er ikkje eit miljømerke, men ei slags kvittering på at verksemda er med på å finansiere returordninga for emballasjen.

Kva gjer dei ulike bedriftene i Nordfjord?

I Nordfjord finns det ei rekke bedrifter som er miljømerka. På Nordfjord hotel på Nordfjordeid sørgar direktøren for at det som blir kjøpt inn er svanemerka, dei har har også kutta ut all eingaogsembalasje, dei kildesorterar samt oppfordrar gjestene sine til å bruke oppatt handkleda på romma. Hotellet har fokus på å redusere energiforbruket med ei rekke tiltak som bruk av fjordvarme for å varme opp hotellet, dei nyttar sparedusjar og det er nytta led belysning over heile hotellet. Eit anna hotell i Nordfjord som er merka miljøfyrtårn er Innvik Fjordhotell nokre av tiltaka dei gjer er å bruke økologiske matvarer der det lar seg gjere, dei har stor utnyttingsgrad og lite matsvinn. Elles er fokuset deira å redusere energibruk ved hjelp av led-belysning, sparepærer og bruk av varmepumpe til oppvarming. 

Eit tiltak som sparar miljøet mykje er fokus på lokalprodusert mat og kortreiste råvarer. Dette har Gloppen hotell jobba i fleire år med å lage god og kvalitetsikker lokalmat. Maten dei serverar på hotellet stort sett laga frå botnen av. Hotellet har eige produksjonskjøkken der dei tek i mot dyr frå lokale bønder og lagar produkt til eige bruk. I tillegg til dette har hotellet avtale med lokale produsentar av frukt, bær og grønnsaker. Hotellet er opptekne av kortreist mat. I frokostbuffeten er det meste av pålegg produsert på hotellet og brøda bakar dei sjølv.