Thomas Sagvik Lovatnet

La Lodalen forbli vakker

På vestsida av Jostedalsbreen, der ligg den. Vakre Lodalen, omgitt av høge fjell, dramatiske fossefall, sitt grøne vatn og den majestetiske Jostedalsbreen. Breen ligg som eit magnetisk dragningspunkt når du sit i kanoen og drøymer deg vekk i dei eventyrlege omgjevnadane.

Lodalen si dramatiske historie og sitt spektakulære landskap, gjer den til eit verdskjent fotomotiv og reisedestinasjon. Tusenvis av menneske frå heile verda besøker dalen årleg, for å få oppleve det unike den har å by på. Det bidreg til stor trafikk av turistar, særleg i sommarmånadane. Lodalen og Stryn står no på Innovasjon Norge si liste over pressområder, og det er viktigare enn nokon gong å bevare Lodalen slik at den kan fortsette å bløme mange år framover. Ei av dei største gåvene vi kan gi våre barn og barnebarn, er ein ivaretatt natur slik at også dei kan oppleve den slik som vi gjer i dag.

Når ein står ved enden av Lodalen og ser innover Kjenndalen, kan det virke som ein draum. Men lat opp auga, her er du midt i det. Lodalen er eit eventyr. Slik vil vi ha det no, og i lang tid framover. Lat oss ta vare på den, saman.

Ruben

Den gamle Lodalen

I 2018 nådde Lodalen si grense, då menneske frå heile verda strøymde til den vakre dalen. Bilar vart parkert på vegskuldrane langs heile vatnet, og telt vart sett opp trass i tydeleg skilting om teltforbod. Lodalen stod utan forsvar, og ein vart vitne til alvorleg forsøpling og neglisjering av naturen. 

Ein slik bruk av naturen er ikkje bærekraftig. Tenk om ein skulle miste dalen vår? Miste den slik som den var, og framleis er. Fokuset er no klart, Lodalen skal bli «den grøne dalen». Den må få tilbake det den er kjend for, slik «den gamle Lodalen» var. Den alle vil sjå, og grunnen til av vi besøker dalen. Som besøkjande har ein eit ansvar, på lik linje med dei lokale - lat Lodalen forbli vakker.  

Reis grønare

I Noreg er vi så heldige å ha allemannsretten. Den er basert på gjensidig tillit mellom stat og dei som skal nytte seg av naturen, til å ivareta den og ta eit personleg ansvar når ein ferdast i utmarka. Å etterlate naturen slik ein sjølv ynskjer å finne den, er også eit av tiltaka som bidreg til å sikre ei levedyktig framtid for landskapet og gode opplevingar i Lodalen.

Nordfjord er ein vakker region, med majestetiske fjell, dramatiske fossefall, krystallklare vatn og spektakulære isbrear. Det er vår oppgåve å sikre at den framleis er like vakker og levedyktig når det våre barn og barnebarn sin tur til å nytte seg av den. 

Det er viktig at ein tek hand om landskapet, samfunnet og den tradisjonelle livsstilen. Dei fleste destinasjonar har bærekraftig reiseliv på agendaen. Visit Nordfjord har med i strategien for 2019, at dette skal vere eit fokusområde, og i arbeidet med å bli kvalifisert blir det satt pris på meiningane til dei rundt. Bidra gjerne til å gjere Nordfjord som destinasjon enda betre. Som reisande er det mykje ein kan gjere for å sette mindre avtrykk. 

Trenden ein ser i reiselivet i dag, er at alle vil gjere mest mogleg på kortast mogleg tid. Om ein blir lenger på same plass, vil klimagassutsleppa bli mindre og ein får tid til å oppeleve meir. Her er nokre tips til korleis ein kan gjere ferien grønare.    

Transport 
Bruk miljøvenlege transportmiddel: Ein god start er å bruke offentleg transport som allereie går den ruta ein skal.
Det finns ladestasjonar rundt omkring, og det er ikkje noko problem å komme seg rundt i Noregs land med el-bil. El-bil er eit miljøvenleg og praktisk framkomstmiddel i ferien. Ein finn ei oversikt på ladestasjoner.no og om du køyrer Tesla, finn ein oversikt tesla.no. El-sykkel blir også meir og meir populært, og gjer det mykje meir overkommeleg for dei aller fleste å reise på sykkelferie i vårt kuperte land. 

Aktivitetar
Noreg er naturen ein stor trivselspark! Vandring, sykling, kajakk, klatring og tur på isbre er nokre av dei morosame aktivitetane som finns i landet. Her i Nordfjord har ein så og sei alt. Bruk lokale guidar som er lommekjende i området og kan bidra til ei meir interessant oppleving, samt at dette er med på å støtte lokalsamfunnet.  

Kortreist mat 
Smak lokale, kortreiste matvarer og drikke. Nyt smaken av frukt, bær og grønsaker som er sådd og hausta lokalt. Et kjøtt og mjølk frå sauer, geiter og kyr som beitar og går fritt i naturen. Fisk din eigen fisk og haust det du vil frå naturen.  

Støtt lokalsamfunnet 
Turisme er ei viktig inntektskilde for mange små stadar. Ver bevisst på at ein legg igjen pengar der det bidreg mest til lokalsamfunn og miljø. Bruk pengar på lokale, kortreiste varer og lokale opplevingar. På denne måten er ein med på å gjere eit reisemål til ein betre plass å både besøke og bu. Det kan vere lurt å reise utanom sesong og sjekk ut plassar der ingen har vert før. Og til slutt reis sakte og nyt ferien din.

Forlat naturen slik ein fann den
Allemannsretten er eit bevis på at ein har høg tillit til at alle tar ansvar for naturen. Sjølv om store delar av innlandet består av nasjonalparkar og andre beskytta område, har ein moglegheit til å nytte desse friluftsområda. Difor er det viktig at ein som turist alltid ryddar opp etter seg, og forlet området ein har vert i, slik ein fann det.

Thomas Sagvik Blad

Høgt, lågt og lengst bort i Nordfjord- Moglegheiter og aktivitetar. 

Kajakk 

Om du let att augene, kan du høyre lyden av ei åre som plaskar i roleg vatn. Tenk deg at du opnar augene, og alt du ser er høge fjell, ein isbre i det fjerne og majestetiske fossefall på kvar si side. Dette er ikkje ein draum, men ein kajakktur på Lovatnet. Viss du vil ha ei magisk reise i det heile, kan du velge kajakk, kano eller robåt som framkomstmiddel både på Lovatnet og i fjorden. 

Det er fleire som tilbyr utleige på vatnet i Lodalen. Loen Active tilbyr kajakkturar både på Nordfjorden og Lovatnet. I starten av Lovatnet finn ein Loenvatn feriesenter som leige ut kajakk, vidare har ein Sande camping som tilbyr robåt og kano, og lengst innerst i Lodalen finn ein Kjenndalstova som tilbyr kajakk og kano.

Sykkel

Om det er eventyr på hjul du føretrekk, er ein sykkeltur på andre sida av Lovatnet å anbefale. Køyr over til parkeringsplassen på andre sida, og tråkk deg innover stien for eit heilt nytt perspektiv av vatnet. Du kan og velge å sykle på asfalten langs heile Lovatnet helt inn til parkeringsplassen ved utfarten til Kjenndalsbreen. Med sykkel er det lettare å stoppe opp for å nyte utsikta og en lunsj, enn om du bruker bil. Viss du ikkje har med egen sykkel kan du leige sykkel ved Loen Active. 

MS Kjenndal II 
Vil du oppleve Lovatnet på heilt unikt vis kan MS Kjenndal II vere noko for deg. Dette er ein båt som tek opptil 100 passasjerer, frå Sande (helt i den eine enden av Lovatnet), heilt fram til Kjenndalstova i andre enden av vatnet. Der kan ein nyte god servering og ein dukkert før båten tek deg med tilbake att 2 timer seinare. Turen tek 4 timar. 

 

 

Turar kring Lodalen

Tur til Kjenndalsbreen 
Dette må være eit eventyr av dei sjeldne. For å kome seg til Kjenndalsbreen må du først gjennom den vakre dalen, heilt til enden. Sett av litt tid, for det kjem til å ta lenger tid enn du trur. Det er vanskelig å kome seg gjennom denne dalen utan ein del bilete og pit-stop. Når du kjem fram til parkeringa innst i dalen, er det ein hyggelig sti innover mot brearmen. Ta med mat og drikke, og ta deg god tid til å virkelig nyte dette eventyret.

Bødalsbreen 
Tur til Bødalsbreen, ein brearm frå Jostedalsbreen. 
Er du klar for eit eventyr heile familien kan vere med på? På denne turen får du oppleve spektakulær natur slik du kanskje aldri har sett den før. Majestetiske fjelltoppar og langstrakte elver som følgjer deg nesten heile vegen fram til vakre Bødalsbreen. Ta med matpakken og drikke. Turen er kort men stoppa kan bli mange, for her er det mykje å sjå. Turen startar frå parkeringa ved Bødalseter og tar omlag 50 minutt. Det er godt oppmerka sti og lett å finne vegen. Hugs alltid å vis aktsomhet kring breen og ikkje gå for nær.

Lodalskåpa frå Bødalssetra 
Er ein ute etter et lengre og eit meir krevande eventyr kan ein gå vidare fra Bødalssetra til Lodalskåpa. Det er ein spektakulær og krevande tur der ein endar opp på 2083 meter over havet. Fjellet Lodalskåpa blir kalla vestlandsdronninga, noko som ikkje er vanskelege å forstå når ein står der på toppen av fjellet og ser fjelltoppar og bre så langt auget rekke. Denne turen er for fjellvande folk og tek kring 10-12 timar å gå. På vegen må ein krysse bre, og ein må ha med seg guide om ein ikkje har erfaring med bre fra før. 

Skåla
Skåla er rekna som Norges høgaste fjelltopp som har foten i fjorden. I alle år har dette vore eit populært fjellmål, og mange har sprunge opp bakkane for å slå rekordane som går på folkemunne. I 1891 blei det bygd eit rundt tårn med 22 sengeplassar. Opphavsmannen var Hans Henrik Gerhard Kloumann, doktor av utdanning, med rekreasjon for kropp og sjel som grunnlag for byggverket. Skålatårnet er ei sjølvbetjent DNT hytte, og er kanskje Norges, eller verdas mest spesielle turisthytte. I oktober 2016 stod også den den nye turisthytta Skålabu ferdig. Det er Bergen og Hordaland Turlag (DNT) sammen med arkitekt Eilif Bjørge og byggmester Bjørn Vike som har stått for oppføringa av denne. Begge hyttene er i dag drivne av Bergen Turlag. På dei gamle hellelagde stiane og steintrappene er det ei kulturoppleving å vandre her, med fantastisk fjord-natur på alle kantar. Vanleg tur-tid er berekna til fem timar opp og tre timar ned.

Loen Skylift
Loen Skylift - Frå fjord til fjell på 5 minutt Pendelbana Loen Skylift er ei av dei brattaste i verda, og løftar folk frå fjorden i Loen til fjellet Hoven (1011 moh) på fem minutt. På toppen ligg Hoven Restaurant. Anlegget inngår i ein heilårs naturbasert opplevingsarena tilrettelagt for aktive utforskarar så vel som barnefamiliar. Ved Hoven Restaurant får ein eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen Nasjonalpark og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Til Hoven kjem ein seg heile året, og på vinterstid kan ein boltre deg på ski, truger eller på kjelke i dei preparerte akebakkane. Ta Loen Skylift til topps på Hoven, og legg ut på tur innover fjellet. Gode stiar som er skilta og merka gjev tryggleik og energi til å oppleve høgfjellet. 

Ei gammal segn seier at Hoven har namnet sitt etter Odin sin hest Sleipner, som på tur over fjellet slo hoven sin borti og etterlet seg det kraftige avtrykket i fjellsida som er så tydeleg å sjå i dag. Ingen veit om det er heilt sant, men det som er heilt sikkert, er at utsikta her oppe er like mektig og magisk no som før. Forskjellen er at no er ho tilgjengeleg for absolutt alle - ikkje berre gamle gudar og spreke fjellfolk. En annen måte å komme seg opp på fjellet, er å klatre opp selv. Les videre.

Via Ferrata
Via Ferrata Loen er ein klatresti rett bak Hotel Alexandra. Klatrestien tek deg til toppen av Hoven på 1011 moh, med eit fenomenalt utsyn mot Lodalen, Oldedalen, rett ned til Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. Som ein del av ruta kan du krysse Gjølmunnebrua, den lengste i Via Ferrata brua i Europa. Den ligg 750 meter over havet, er 120 meter lang og går over det 160 meter djupe jølet. Turen vil definitivt gje deg sommarfuglar i magen. Om du er klar for ei ekte utfordring kan du klatre den nye ekstremruta - den tøffaste via ferrata ruta i Norge. Ragnarok Extreme Våren 2019 opna Norges tøffaste via ferrata rute i Loen. Den har vanskegrad F, og med dette har Loen fått ei av dei mest komplette via ferrata anlegga i Europa. Det nye ruta går vest for den klassiske, og er vedvarande bratt heile vegen. Å klatre her krev god styrke og utholdenhet, og dei som skal gå den bør ha klatra grad E tidlegare. Aldersgrense på F-ruta er 14 år, i følge med ein vaksen. Dei som er usikre på om dei meistrar denne ruta kan gå den klassiske ruta, og teste seg i den alternative sløyfa gjennom “Tors hammar” - ei kort sløyfe i kategori E.

Greit å vite

Overnatting:

Overnatting skal kun gjerast på campingplassar i området. Loen og Lodalen byr på eit stort utvalg av overnattingstadar, både ved leige av hytter og plass til telt og bil. Undersøk før du kjem til dalen, for å forsikre deg om at du har fleire stadar å velge mellom om det skulle vere fullt der du er. På denne måten unngår ein å bli frista til å setje opp teltet i innmark, noko som er forbode. Det er uansett fint å ha tilgong til eit toalett og eit bad både før og etter eventyr i dalen. Ved å laste ned appen AiSpot vil ein få varslingar når ein kjem til Lodalen med praktisk informasjon. Ellers, følg skilting.

Toalettbesøk og avfall:

Toalettbesøk kan gjerast ved campingplassen der ein overnattar, ellers finns der toalett ved parkeringa til Skåla, ved Breng og inst ved Kjenndalsbreen. Alt søppel skal takast med og kastast i container ved parkering til Skåla eller ved Bødalen.

Parkering:

Parkering av bil skal kun gjerast midlertidig ved angitte parkeringsplassar. La gjerne bilen stå igjen ved campingplassen du bur på og ta heller beina fatt eller ta ein sykkeltur.  Tenk på alternative måtar å ta deg gjennom dalen på. Den nytast best utanfor bilen, med senka skuldrar og god tid. Skal ein innst i dalen kan ein parkere ved Kjenndalstova og ta seg til fots eller sykkel derfra. Sykkel kan leigast ved Loen Active.

Breng: Eit nasjonalt ikon med egne forskrifte
Like ved vatnet ligg den gamle garden Breng som i dag blir nytta som sæter, den ligg perfekt til omringa av bre, fjell og fossefall. Det er eit populært fotomotiv, og brukas også som badeplass av lokale og turistar. Vakre Breng er eit nasjonalt ikon med eigne forskrifter. Åtferdsreglane skal sikre bevaring av kulturlandskapet på Breng som nasjonalt ikon. Reglane skal hindre ulemper for grunneigarane sin bruk av området og fremje naturvennleg friluftsliv til glede for alle.

Einkvar skal opptre varsamt og omsynsfullt slik at ferdsel, opphald og aktivitetar ikkje medfører ulempe for andre eller skade på kulturlandskap, kulturminne og natur. Området skal haldast ryddig og ingenting skal etterlatast når ein forlet området. Reglar og bruksordningar for området skal etterlevast i samsvar med informasjonsskilt og oppsynet sin nærare vegledning. Ein kvar pliktar å følgje oppsynet sine tilvisningar.

Avfall og søppel frå aktivitet på Breng skal takast med og skal leverast på ålment tilgjengelege leveringspunkt. Alle som ferdast i området skal nytte ålment tilgjengelege toalett utplassert ulike stader i Lodalen. Bruk av open eld, mellom anna grill, er forbode utanfor tilvist, skilta bålplass. Dette forbodet skal sikre bygningsmassen på Breng mot brann. Overnatting på Breng er forbode. Forbodet gjeld bruk av alle typar telt, campingvogner og hengekøyer. Forbodet gjeld ikkje for overnatting i sela på Breng. Ved korttidsopphald på Breng skal kjøretøy parkerast på tilviste, skilta parkeringsplassar. Parkering av kjøretøy på vegskulder ned mot Lovatnet er ikkje tillate. Dispensasjon Stryn kommune kan i spesielle tilfelle gje dispensasjon frå åtferdsreglane. Brot på åtferdsreglane kan medføre bortvisning frå området og straffeansvar etter friluftslova § 39.
 

Lovatnet Thomas