CBIS 6145110
CBIS 6145108
CBIS 6145109
CBIS 6145111
CBIS 6145112

Leietur | Norsk Fjordhestsenter

Leieturar i området kring Norsk Fjordhestsenter passar godt for barn som ønskjer ei trygg oppleving på ein av fjordhestane våre.

Norsk Fjordhestsenter har aktivitetar gjennom heile året, og er fast undervisningsstad for Fjordane folkehøgskule. Vår og sommar er det høg aktivitet ved seminstasjonen der hopper frå heile landet får tilbod om inseminering frå gode fjordhesthingstar.

Alle er velkome innom for ein hesteprat og for å sjå på anlegget. Aktiviteten vil variere alt etter kor mange hestar som er på beite, og andre oppgåver ved senteret. For grupper kan vi skreddarsy opplegg og tilpasse tidspunkt.