CBIS 6660842
CBIS 6660843
CBIS 6835411
CBIS 6835412

Kyrkjenibba

Kyrkjenibba er en av dei mest markante fjella i umiddelbar nærleik til Stryn. Nokre kallar utsikta frå denne toppen den vakraste i Indre Nordfjord.

Den vanlegaste varianten startar frå garden Skår/Garlid på ca 300 moh. Ein kort tur på stien rett opp frå Skår leier deg inn på ein betre sti på vestsida av elvejølet i Skårdalen. Innerst ved den gamle setra, er det vanlegvis kurrant å krysse elva (seint på våren må du kanskje lenger opp i dalen). Gå oppover i Stordalen, først i botnen, deretter skråar du oppover mot høgre for å unngå rasutsette heng i nordvesthellinga i botnen av dalen. Oppå skuldra er det berre å gå mot toppen i god avstand frå eventuelle hengeskavlar. Brattkøyrarar kan fint køyre "framsida" på stabil vårsnø. Følg RV 15 mot Strynefjellet, ca 1 mil frå Stryn sentrum tek du av mot Flo, men ta så første grusveg oppover til venstre og følg denne til endes. Kyrkjenibba kan også nåast frå Kyrkjeeidestølen og opp Fagerdalen.