CBIS 6421953

Killer Queen

Høyr den fantastiske musikken! Opplev eit storslagent show og konsert med Killer Queen og Patrick Myers som Freddie Mercury.

God nyheit til alle Queen-fans! Engelske Killer Queen kjem til Nordfjord! Dei har turnert i hele verda og er tidlegare kåra til verdas beste tribute-band. Høyr den fantastiske musikken - opplev eit storslagent show med Killer Queen og Patrick Myers som Freddie Mercury.

Killer Queen med Patrick Myers i rolla som Freddie Mercury er det berre å glede seg til. Ein kveld spekka med Queen sine klassiske hits i denne tribute-framsyninga som er det næraste du kan kome eit live Queen-show. Med autentiske instrument, same scenografi og lys, ingen kor eller blåsarar, berre rett og slett Queen slik det var i ”gode gamle dagar”...

Queen er eit av verdas største rockeband – nokon sinne. Sjølv om Queen sin karismatiske vokalist Freddie Mercury døydde i 1991, så lever musikken deira fortsatt i høgste grad. Kven kjenner ikkje hits som: We are the Champions, Bicycle Race, Bohemian Rhapsody, We Will Rock You og Crazy Little Thing Called Love?

Killer Queen har turnert i heile verda og er utnemnt til Worldwide Tribute Band of the Year.

Arrangør: Fjordane Musikkforum