Julerosekveld med Herborg Kråkevik og gjestar

Julerosekveld med Herborg Kråkevik og gjestar

Herborg Kråkevik inviterer til stemningsfull Julerosekveld med Nina Lykke og Julerosetrioen - Mathias Eick, Espen Berg og Johannes Eick! Operahuset Nordfjord er ein av dei utvalde stadene Herb...

Herborg Kråkevik inviterer til stemningsfull Julerosekveld med Nina Lykke og Julerosetrioen - Mathias Eick, Espen Berg og Johannes Eick!



Operahuset Nordfjord er ein av dei utvalde stadene Herborg Kråkevik i år kjem med musikken og suksesskonseptet Juleroser. Ho har med seg forfattaren Nina Lykke, trompetvirtuos Mathias Eick, pianist Espen Berg og bassist Johannes Eick. I tillegg til ny og tradisjonell julemusikk, vil desse eminente formidlarane gje publikum forteljingar, dikt og humoristiske høgdepunkt frå Juleroser-hefta. Det blir adventstemning, julelatter- og tristesser, klassiske juleforteljingar og heilt rykande ferske tekstar om kvarandre.



Dei siste åra har juleheftet Juleroser med redaktør Herborg Kråkevik blitt ein kjær del av julestemninga i mange heimar rundt om i landet. Jula 2020 kom albumet Juleroser med heilt nye julesongar signert mellom andre Aurora Aksnes, Odd Nordstoga og Anne Grete Preus, innspelt av Herborg og Bergens Filharmoniske Orkester. På albumet medverkar også Bjørn Eidsvåg, Fargespill, Trygve Skaug, Marianne Pentha, AURORA og Mathias Eick.



I 2021 kom albumet «Barnas Juleroser» med julesongar og forteljingar som har stått på trykk i juleheftet med same namn som Herborg også er redaktør for. På albumet opptrer Herborg saman med Julerosekvintetten, Bolteløkka Jentekor, Bislett Guttekor og Kåre Conradi. Julerosekveld inneheld songar fra begge albuma.



– Dette skal bli ei juleframsyning som snakkar til alle krinkar og krokar av julehjarte vårt! Jul er følsomme greier, og litt kunst gjer alltid godt, om det no er musikk, litteratur eller biletkunst. Eg håpar de vil koma og oppleva Juleroser frå scenen. Me skal gjera alt me kan for å underhalda og røra dykk og forhåpentlig gje alle litt fred i førjulsinnet, seier Herborg Kråkevik.

Info: