Hornindalsrokken
©Hornindalsrokken

Det varmar i sjela å la blikket kvile på den raude sola som er på veg ned i havet. Tek vi oss nok tid til å oppleve solnedgangen? Sola går ned kvar einaste dag, men dei fleste av oss tek seg faktisk kun tid til å sjå solnedgangen når vi er på ferie. Sommaren ligg framfor oss og når dagane vert lengre og veret varmare er det få opplevingar som er vakrare enn å sjå sola gå ned i horisonten. Er du ute ved kysten av Nordfjord eller på ein av regionen sine mange toppar kan ein oppleve ein nydeleg solnedgang. Kom og opplev den totale stillheita og roa ein får når det raude varme lyset frå sola stille går over til mørkret. I Nordfjord tek ein seg gjerne ein topptur opp til Skåla i Stryn eller Hornelen i Bremanger for å nyte dagslyset sin siste time. Ute ved kysten er det få ting som er betre enn å gå på kvite sandstrender medan sola blir slukt av havet. Hoddevika på Stad eller Grotlesanden nær Kalvåg i Bremanger er nokre av dei mange kvite sandstrendene i Nordfjord.
 

Nordfjordeid

Stad: Nordfjordeid Foto av: Joakim Vedvik

 

Ei historie av Sol Fure

 

«Eg trur vi rekk det, det skal gå akkurat!» 

Venninna mi var optimistisk, sjølv om ho eigentleg var realisten av oss. Eg drog litt på det, og var uvanleg usikker. Eg ville at det skulle vere ei perfekt oppleving, og det vart det ikkje om vi kom for seint.

«Husk at du tek teltet da, og eg primusen!»

Ho lo ertande i andre enden av mobilen, og eg skjønte umiddelbart kvifor. Sist gong vi var på tur, gjekk vi heile vegen opp og fantaserte om den deilige kyllinggryta vi skulle lage oss, og nyte frå soveposen. Då teltet var slått opp, campen rigga til og alle ingrediensane funne fram, vart vi sitjande og sjå på kvarande.

«Kor er primusen?» sa vi i kor, tostemt. 

«NEI! Du tuller!!! Har du ikkje tatt med!?»

«Nei, du skulle jo ta den med!!!?»

«Eg sa eg skulle ta med primusgass ja, men du skulle ta med primusen!!»

Vi vart med eitt tause begge to, og innsåg at kyllinggryta, den kunne vi sjå langt etter. Den trillande latteren til Ellie braut den pinlege stillheita og døyva romlinga frå magen. Eg kunne ikkje anna enn å le eg og. Så delte vi snacksen vi hadde med, naut utsikta og prata om gamle dagar. Det er på tur ein lærer seg sjølv og andre å kjenne, seies det, og særleg når ein ikkje får maten som er lova. Heldigvis er vi like her, vi tek det aller meste med godt humør.

Eg stappa det nye, ultralette teltet i sekken og sette meg i bilen. Å ikkje bere for tungt har eg også lært the hard way, så når reklamen lovar eit sjølvberande 2-mannstelt med god plass på under ein kilo så bryr eg ikkje meg om å teste det først. Ein stoler då på fagfolk, eller reklame som går på riksdekkande internett rettare sagt. 

Ellie stod smilande på Svarstad når eg svinga bilen inn på parkeringsplassen, ho virka kvikk i kroppen og klemte meg hardt.

«Dette har eg jammen gleda meg til! Komigjen, få på deg sekken, vi har inga tid å miste!»

Vi fulgte grusvegen som slynga seg opp mot Steinfjellet. Det kribla spent i kroppen, eg hadde sett bileta og visste nøyaktig kva eg kunne forvente, men klokka jobba i mot oss og sekken var tung. 

«Kom an Ellie, vi må skunde oss! Ellers rekk vi det ikkje!»

Vi sette opp tempoet i det vi tok av mot skiltet som peika mot Vetvika. Dei lange bakkane som er i byrjinga av turen er det lett å sprenge seg på, så taktikken var lagt i forvegen: gå seg varm i dei bratte motbakkane, og gunne på når vi kom over på stien.

Den siste timen vart tilbrakt med i relativ taushet. «Relativ» fordi eg kunne høyre eigne hjarteslag og pust dunke i øyrene. Trass i lett utstyr veier det visst litt likevel. Gnagsåret eg hadde kjent på sidan turen starta for snart 2 timar sidan hadde truleg nådd inn til beinet no, men eg beit tenna saman og marsjerte vidare. Vi må rekke det, vi må rekke det!

«ÅÅåååååå!!! Åhåhåhååhåhhååååååå!!!!!»

Eit frydefullt lykkerop kom frå venninna mi, og eg småsprang dei 30 meterane som låg mellom oss. Synet som møtte meg når eg kom rundt knausen gav meg både frysningar og fylte meg med varme på same tid. Sola låg som ein brennande kjempekomet i horisonten og farga fjella, havet, himmelen og stranda i flammande nyansar. 

«Dette er vakrare enn eg kunne førestille meg, eg kan nesten ikkje tru at det er ekte….»

Å oppleve ein solnedgang i Vetvika hadde vore ein draum i mange år, men den siste tida hadde det også blitt eit mål. Eg fulgte med på vèrvarsel og rekna ut når det ville vere forhold for den perfekte solnedgang. Frå midten av august går sola ned i havet, midt på den krittkvite sandstranda som kvilte der nede, langt under oss. Utsikta frå platået vi stod på kan ikkje skildrast som anna enn majestetisk, og var uverkeleg vakker, som ei scene i ein film. Eg kunne ikkje fatte at eg var her, og at dette skjedde. 

Vetvika solnedgang

Stad: Vetvika Foto av: Svenn Petter Kjerpeset

Vi slo opp teltet, som viste seg å definitivt ikkje vere «eit romsleg 2-mannstelt med god plass». Vi lo så tårene trilla og konkluderte med at det var omtrent like stort som ein likpose, og at 2 menn berre kunne få plass om dei vart plasserte i høgda. Ellie tok fram primusen og nokre minutt etter sat vi og naut naturmagien medan kyllinggryta frå Real Turmat skulle bli klar.

«Jeg lever i en drøm, en vill en, som spiser solnedganger som drops» sang eg høgt medan hjarte mitt nesten sprengte av lukke. Sola brann intenst og sank sakte ned i havet. Himmelen var eit einaste fyrverkeri, og eg kjende meg som ei av verdas 2 heldigaste kvinner, som var dei einaste vitnene til fargeeksplosjonen i horisonten. 

Å oppleve noko så stort krymper alt som er lite til å bli enda mindre, til å bli utan betydning. Som eit tomannstelt med «god plass» der to bestevenninner fulle av solnedgangsdrops må ligge i skje for å få plass.

 

Her får du ein smakebit av kva du har i vente

Ein digital solnedgang frå Kalvåg i Bremanger

Youtube video image