Nordfjord

Alt i ein fjord

Lovatnet
Glomnesfossen
Fjell
Hoddevik
Briksdalsbreen

Nordfjord

Nordfjord er den komplette norgesopplevinga i konsentrert form. I Nordfjord finn ein Noregs mest kompakte, og spektakulære kyst- og fjordoppleving. Innan for 100km møter ein hav, fjord, bre og fjell. Nordfjord er eit attraktivt reisemål for aktive og nysgjerrige turistar. Her kjem ein tett på den dramatiske naturen, den særeigene kulturen samt møter ein autentiske menneskjer og miljø. Innan for eit avgrensa geografisk område finn ein ekte og rike Noregsopplevingar. Ei reise gjennom Nordfjord er noko av det ypparste Norge har å by på. Ein kan symbolisere Nordfjord gjennom Fjordhesten som har sitt opphav her i frå. Den er; sterk og uthaldande, sprek og leken, jordnær og kraftfull, med lange røter og med blikket vendt framover - Nordfjord er som ein sjarmerande barsking som raust deler av sine enorme skattar.

 

Nordfjord-regionen

Nordfjord er eit distrikt i Sogn og Fjordane. Historisk sokna det meste av dagens distrikt til Nordfjord fogderi som var det nordlegaste av de tre fogderia i fylket. Distriktet omfattar dei sju kommunane: Hornindal, Stryn, Eid, Gloppen, Vågsøy, Bremanger og Selje. Med unntak av Hornindal alle er kommunane tilknytt Nordfjorden. Nordfjord er ein bu- og arbeidsregion med om lag 30.000 menneske. Regionen strekk seg frå det ytste villaste havet ved kysten, til dei spektakulære breane innerst i fjorden. Avstandane er slik at ein kan pendle mellom dei ulike kommunane i regionen. Nordfjord grensar til Møre og Romsdal, noko ein ser igjen på næringsliv og gründerånd i regionen. Nordfjord har ein sterk kultur for innovasjon og gründerånd, og har eit offensivt og variert næringsliv. Framtidsutsiktene for Nordfjor er positiv, og der er mange faktorar som ligg til rette for vekst i Nordfjord i åra framover. Mange av desse grunnane er fordi ein har eit næringsliv som er godt tilpassa «det grøne skiftet» og framtidas vekstnæringar. Folk frå Nordfjord kallast nordfjordingar og det blir gjerne sagt at dei snakkar nordfjording, sjølv om det er markerte forskjellar i dialektene i regionen. 

Om Nordfjord

Nordfjord er den nordlegaste av dei tre store fjordane i Sogn og Fjordane. Med sine 106 kilometer er den, den sjette lengste i Noreg. Fjorden går frå Husevågøya i vest, til Loen lengst inst i fjorden. Det er denne fjorden som har gitt navnet til regionen, Nordfjord. Kring fjorden har det levd menneskjer i frå steinaldertid, og framleis kan ein sjå helleristningar frå denne tida. I vikingtida var Nordfjord eit sterkt maktsentrum på Vestlandet. På dei ulike musea og besøkssentera kan ein lære meir om historia. Regionen har tradisjonelt sett vore prega av jordbruk, fiske og  industri, men har også sterke røter til handverk og kultur. Regionen er svært allsidig, og er kjend for å vere moderne og innovativ. 

Alt i ein fjord

Breane, fjorden, havet og fjella i Nordfjord er noko av det flottaste norsk natur kan by på. Innerst i Nordfjord glitrar breane mellom smale dalar, og her finn ein Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. I midtre Nordfjord er fjorden breiare, sett vekk frå den meir dramatiske fjordarmen, Hyenfjorden. Lengst ute møter fjorden havet, og landskapet opnar seg. Kystkulturen er spesiell, og fiskeværa fortel mange historier om svunne tider. Lengst ute tronar Vestkapplatået mot det mektige Stadhavet.

Eit eldorado for spennande aktivitetar 

Nordfjord er eit vandremekka, med over 200 merka turløyper, gode kart og variert natur. Bli med på brevandring på eine armen frå Jostedalsbreen, Bødalsbreen, eller stå på ski på det legendariske sommarskisenteret,  Stryn Sommarski. I frå inst i fjorden er det kort veg til Stad, der du kan prøve surfebrettet og vandre i det spesielle kystlandskapet. Fjorden, havet, glitrande innsjøar og elvar gjer Nordfjord til ein perfekt arena for dykking, bading, båtturar, kano- og kajakkpadling. For den action søkande kan også elve-rafting vere tingen, med brusande vatn rundt på alle kantar. Du kan også oppdage Nordfjord frå hesteryggen, i fjordhesten sitt eige rike. Nordfjord er også eit eldorado for fiske, både i ferskvatn, lakseelvane, fjorden og havet.

 

Ruben Soltvedt Lodalen