Isbrear

Opplev den magiske blå isen på nært hald

Briksdalsbreen Glaciers Nordfjord Norway
Briksdalsbreen Nordfjord Isbreer
Isbreer Nordfjord

Isbrear i Nordfjord

I Nordfjord glitrar isbreane mellom trange daler. Med sine 487 kvadratkilometer er Jostedalsbreen den største isbreen på det Europeiske fastlandet.

Gjennom 3 millionar år forma isen landskapet med sine kjempekrefter. Då den trekte seg attende, openbara den spektaktulære Nordfjord mellom storhavet i vest og den store breen på Noregs tak. 

Kontrastene er kanskje det mest fascinerende med Jostedalsbreen, frå frodige bygder og knallblå fjordar til snødekte fjelltoppar på over 2 000 meter oppe på breplatået. Det høgste fjellet nær breen er Lodalskåpa 2083 moh.

Jostedalsbreen er ein temperert bre, ein bre som det renn vatn under og breen ligg på trykksmeltepunktet. Sidan den er temperert eroderer den på underlaget og kan bevege seg.

Det er ei oppleving å sjå den magiske, blå islandskapet, og det er nesten obligatorisk på ei reise i Norge. Dette er naturen på sitt vakraste og heftigaste. Ein isbre er eit fasinerande naturfenomen, klodens klimaindikator. 

Isbreane er naturlaboratorium, særleg for klimaendringar, geologi og vegetasjon/planteliv. Brerørslene er med på å stadig endre landskapet. Isbreane vart trulig heilt nedsmelta under ein periode med varmare klima for ca 5000-8000 år sidan. Når det begynte å bli kaldare igjen, danna Jostedalsbreen og andre isbrear seg på nytt. Ved breen er eit interessant kulturlandskap, framleis i bruk til landbruk og beiting. I Noreg er det omlag 1600 isbrear, med eit samla areal på va 2700 kvadratkilometer. Jostedalsbreen Nasjonalpark har kring 600 000 besøkande kvart år.

I 1990-årene vaks breane langs kysten av Fjord Norge, men pga. lite snø og varme somra, har trenden foreløpig snudd. Sidan byrjinga av 2000- talet, har dei fleste isbreane i Noreg smelta, hovudsakleg som resultat av varme somrar. Ikkje alle breane i Noreg er tilgjengelege for turistar, men over Jostedalsbreen går det mange ruter, og blant andre våre tre nasjonalparksentera rundt Jostedalsbreen kan arrangere eller formidle brevandringar i Noreg. De lokale turistinformasjonane er også behjelpelege med informasjon.

I Nordfjord kan du sjå spektakulære brearmar av Jostedalsbreen. Briksdalsbreen er den mest kjende og mest besøkte brearmen. I nabodalen finn du Brenndalsbreen, og øvst i Lodalen finn du Kjenndalsbreen og Bødalsbreen.

 

Spor etter istida

På grunn av djupe bresprekker, skred og uforutsigbar bevegelse av isblokker, bør du aldri begi deg ut på ein isbre åleine. Det er viktig å respektere sperringane som er sett opp. Men med profesjonelle guider og riktig utstyr er brevandring heilt klart ein opplevelse som vil appellere til eventyreren i deg.

Sjølv på hundre meters djup er isbreen konstant i bevegelse, og sterk nok til bokstavelig talt å forme jorda. Det var brear frå istiden som skar ut og forma Norges karakteristiske fjordar, dalar og fjellsider.

 

 

Jostedalsbreen Nasjonalpark

Jostedalsbreen Nasjonalpark vart oppretta i 1991 og dekka eit område på 1310 km2. Jostedalsbreen er den største isbreen på fastlandet i Europa, og dekkjer 487 km2 av parken. Nasjonalparken har òg mange andre store og mindre brear. 7 kommunar har område i nasjonalparken og Jostedalsbreen skil to av dei lengste fjordane i verda, Sognefjorden og Nordfjorden. I 2008 fekk Stryn status som Nasjonalparkskommune. Landskapet i Jostedalsbreen Nasjonalpark varierer frå frodige dalar til alpine fjell og arktisk klima. Kjernen i nasjonalparken består av urørt natur som bare kan nås til fots. Du kan lære meir om landskapet rundt breane ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter.

Noko av det mest spesielle med Jostedalsbreen i gamle dagar var slektskapet og samhaldet mellom bygdene på kvar side av breen. Dei gamle ferdselsvegane kryssa breen.

 

Dei første turane

Midt på 1800-talet dukka dei første turistane opp i Briksdalen. Det var helst engelske rikfolk som kom på denne tida. Men då vegen Rustøen - Briksdal kom rundt 1890 vart det meir fart i turismen. Mange av turistane vart køyrt opp til breen i høyvogn, som seinare vart utskifta med stolkjerrer. Etter 1. verdskrig eksploderte turiststraumen. Eitt til to tusen turistar kunne besøke Briksdal på ein dag. Ein tur - returbillett på Oldenvatnet med ”Briksdal” kosta 30 øre. Oldedalen var utan vegsamband fram til 1955, difor var folket avhengig av vatna som ferdselsåre. Den første motorbåten vart sett i drift i 1915 og den hadde rutedag kvar dag gjennom heile året.I 1891-92 bygde Anders Briksdal ei turisthytte og hadde utsal av mellom anna øl, brus, mjølk, brød og rømmekolle. Det var også høve til å overnatte for folk som skulle gå over breen til Jostedalen eller til Jølster gjennom Oldeskaret. Under krigen vart det ikkje drive turistdrift. Etter krigen dreiv dei både turisme og gardsdrift, men turismen tok meir og meir over, og i 1966 vart geitene selde. Fjøset vart ombygd til souvenirbutikk og overnattingshus for turistane. I 2005 vart hesteskyssen erstatta av “Trollbilar” med betre kapasitet.

 

Isbreane trekker seg tilbake

På grunn av den globale oppvarmingen stiger temperaturen i Norge, som i resten av verden. Dette bidrar til at isbreene smelter langsomt og trekker seg tilbake. Det totale arealet som dekkes av isbreer har gått ned 11 prosent de siste 30 årene, ifølge Senter for klimaforskning (CICERO), og siden midten av 80-tallet har mer enn 326 kvadratkilometer forsvunnet. Det er spesielt isbreene i de nordligste delane av landet som har blitt hardast ramma.

 

 

RELEVANTE PRODUKT