Wideroe Fly
Wideroe Fly

Flyplassar i Nordfjord

 

Å fly til Nordfjord er enklaste og mest effektive måten å kome seg hit. Om lag ein time frå anten Bergen eller Oslo, så landar du i Nordfjord og er klar til å utforske alle aktivitetar og attraksjonar som finst her. Widerøe knyter regionen med dei største norske byane, med mange avgongar dagleg.  Sandane Lufthamn er Nordfjord sin flyplass.  Men ikkje langt unna finn du Hovden Lufthamn (Ørsta/Volda) som også er blant den næraste flyplassen i regionen. Ålesund Lufthamn Vigra er heller  ikkje langt unna, med flyselskap som SAS, Norwegian, KLM og andre.

Flytaxibestilling frå Sandane Lufthamn Tel. +47 57 86 05 00.

Buss frå Hovden Lufthamn (Ørsta/Volda) – Hovdebakken (Ørsta) til Stryn finn du her: frammr.no