Fjord og Innsjø

La synsinntrykka frå fjordane og innsjøane ta pusten fra deg

Lodalen Lovatnet Nordfjord Norway
Nordfjord Norway
Nordfjord Nordfjordeid Norway
Lodalen Lovatnet Nordfjord Norway

Fjord og Innsjø 

Den norske fjorden er eit underverk, og eit av verda sine mest attraktive turistmål. Det unike fjordlandskapet har i over 100 år teke pusten frå gjestene våre. Med første augekast er det ikkje enkelt å sjå forskjell på ein fjord og ein innsjø. Men ser ein nærare etter, kan ein sjå at ein fjord er ein djup, smal og langstrakt hav- eller innsjørenne med bratt land på tre kantar. Fjorden har ei opning ut mot havet vert kalla for fjordens munning og er ofte grunn. Ein innsjø er ei fordjupning i jordoverflata som inneheld vatn. Vanlegvis er fordjupninga slik at det vert danna eit eller fleire utløp. Tilsiget til ein innsjø skjer via nedbør eller tilsig frå elvar og bekkar ikring. Mange innsjøar vert kalla vatn. 

Isbreen har forma fjordane våre
Fjordane er blitt danna ved at gigantiske isbretunger gjennom fleire istider har forma landskapet. Ein fjord er såleis eit U-forma undersjøisk dalføre, og på Vestlandet er denne dalen ofte omkransa av eit dramatisk fjellandskap. Framfor brearmen vart det avsett ei endemorene av grus og sand som danna ei undersjøisk barriere, gjerne kalla «fjordterskler» eller «ra», stader der fjorden er grunnare. 

Denne grunne terskelen i fjordmunningen gjer at fjordane ofte er rolegare enn det opne havet, og fjordane er dermed ofte naturlege hamner. 

Fjord er eit av de få norske ord som er blitt internasjonale, spesielt i engelsk der det vert nytta direkte. Fjord kjem frå det norrøne fjorðr og tyder «der ein fer over». Fjord i grunntydninga «der man ferder over» har då same opphav med ordet «ferd» (reise), engelske fare. Verbet fare og substantivet ferje, engelske ferry, er av same opphav.

Fjorden vår «Nordfjorden» er med sine 106 km den 6. lengste fjorden i Norge. Nordfjorden som strekkjer seg frå Stadhavet og heilt inn til Jostedalsbreen har i uminnelege tider vore ei hovudferdselsåre for fjord- og dalfolket i regionen. Den lengste fjorden i verda er Scoresbysundet på Grønland (350 km), men Vestlandsregionen kan skilte med de to neste plassane på lista, med Sognefjorden (204 km) og Hardangerfjorden (179 km). Geirangerfjorden og Nærøyfjorden står også på den prestisjetunge verdsarvlista til UNESCO (United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization). 

 

 

Utforskar du fjordlandskapet vidare er det "vatnet si historie" som utfoldar seg. Fjordane er skore ut av eit opptil 3 km tjukt ismassiv som dekte Nord-Europa gjennom ein serie med istider. I fjordane reiser du i kjølvatnet av handelsskuter og fiskebåtar. Det meste av landskapet er uforandra sidan vikingane heiste segl og segla mot fjerne kystar.

Vatna eller innsjøane våre
Mange innsjøar vert kalla vatn. Innsjøar inneheld normalt ferskvatn, men somme stader har innsjøar innløp frå havet slik at innsjøen inneheld saltvatn. Det finst også innsjøar utan innsig frå havet som likevel har eit botnlag av saltvatn. Dette reknar ein med er restar frå landhevinga etter siste istid. 

Vi har mange flotte vatn i Nordfjord som kan vere eit mål i seg sjølv eller eit augeblikk av ro på veg til ein annan stad. Lovatnet i Lodalen er nok det mest fotograferte vatnet i regionen. Det irrgrøne vatnet ligg der som ein smaragd, om lag ein halvtime unna, i Hornindal, ligg den djupaste innsjøen i Nord Europa Hornindalsvatnet, som er 514 meter djup. 

Kvifor er vatna våre grøne?
Når vårsmeltinga set inn, så kan ein oppdage at vatna våre nær isbreen forandrar farge frå blå til ein sjøgrøn farge. Grunnen til dette er smeltevatn frå isbreen som har med seg silt og små steinpartiklar som elvane tek med seg frå isbreen til vatna. Når sollyset treff partiklane i vatnet, så gir det frå seg ein heilt spesiell grønfarge.

Vatnet i innsjøen er grønt på grunn av små partiklar av leire og sand, kalla silt, som smeltevatnet frå isbreen har ført med seg ut i vatnet. Denne silten har så lav vekt at den ikkje fell ned til botnen, men blir liggande i vatnet og skapar denne flotte grøne fargen. Dei fleste vatna er også rik på ørret, ganske liten, men svært velsmakande steikt, servert med rømme, poteter og agurksalat.

Aktivitetar
Både på fjorden og vatna våre kan du oppleve aktivitetar som fiske, RIB turar, kajakk, kano, robåt, paddle board eller berre gli ut på vatna våre på ein organisert/roleg båttur. 

 

RELEVANTE PRODUKT