Ferje

Ferje og Cruise

 

På vegane i Nordfjord endar du av og til på ei ferjekai. Då ventar ei avslappande pause frå køyringa. Dei fleste ferjene på Vestlandet har kiosk om bord, og tilbyr naturlegvis flott fjordutsikt. Ver merksam på at det kan vere kø i sommarmånadane. Det er tre ferjestrekningar i Nordfjord: Lote-Anda, Stårheim-Isane og Måløy-Oldeide. 

Her finn du alle ferjetidene i Sogn og Fjordane: 

Mange av vegane har flott utsikt til fjordlandskapet, og det er lite trafikk samanlikna med andre stadar. Det er mange utmerka turmoglegheiter i Nordfjord, og i områda rundt med Nordfjord som base. 

Det er viktig å ikkje undervurdere tida det tek å bevege seg rundt med bil. Sjølv om avstandane ser korte ut på kartet er mange av vegane bratte og svingete, som kan sinke deg litt. Om du er vant til å køyre i byen, bør du ta det med ro på landevegen.

Å reise med ekspressbåt frå Bergen til Nordfjord er ei oppleving i seg sjølv. Vel om bord kan ein lene seg godt tilbake medan ein krusar oppover det vakre kystlandskapet og studere dei små tettstadane som ligg langs kysten. Kystbyen Måløy er den første stoppestaden i Nordfjord. Måløy har alltid vore eit viktig kommunikasjon- og handelssenter, også ei viktig fiskehamn med industri knytt til fiskeri. På den nordlegaste stoppet til ekspressbåten finn du Selje. Selje er den kommunen som ligg lengst nordvest i Nordfjord. Stadhavet utanfor Selje er rekna som eit av dei mest vêrharde havstykka langs kysten av Norge. Selje og Stadhalvøya eignar seg veldig godt til vandring og naturopplevingar.

Reis langs kysten av Nordfjord med ekspressbåt til Måløy eller Selje, eller med Hurtigruta til Måløy. Informasjon om tider og bestilling av ekspressbåt frå Bergen til Nordfjord:

https://www.norled.no/hurtigbat/  

Hurtigruten kjem til Måløy dagleg på nord- og sørgåande rute. 

 

Cruisehamner i Nordfjord

Mange av våre gjester i Nordfjord kjem sjøvegen ved cruise. Vi har to store cruisedestinasjonar i Nordfjord-regionen, Olden/Loen og Nordfjordeid. Førstnemnde er blant dei 10 mest besøkte cruisehamnene i Norge. Cruiseskip er også velkomne i Måløy, Selje og Sandane. Alle cruisedestinasjonane i Nordfjord tilbyr ei rekkje spanande utflukter til attraksjonar og aktivitetar kring i regionen.