Buss Nordfjord
Buss Nordfjord
Buss Nordfjord

Buss

 

Å reise med buss er ein komfortabel og effektiv måte å reise på. I ekspressbussane er det aircondition, gode seter, gratis trådlaust nettverk og serviceinnstilte sjåførar. For å sikre seg plass bør ein bør ein kjøpe billett på internett. Det gjeld også bussrutene som inngår i «Reis som dei lokale». På dei lokale rutebussane er det ikkje mogleg å kjøpe billett på førehand, her må ein kjøpe billetten om bord i bussen. 

Dagleg i sesongen kan du reise med buss til vår største turistattraksjon Briksdalsbreen. Her har vi ein rutebuss som ein er garantert sitjeplassar på, men som ein ikkje kan bestille plass på førehand. Kringom.no Ynskjer du å bestille plass på førehand, kan du bruke ein av dei lokale busstilboda oldenadventure.com.

Det er eit stort nettverk av bussruter i Norge. 2 daglege avgongar til og frå Oslo, og ekspressbussar til og frå Trondheim og Bergen. 

Vy 146 express, Oslo - Gardermoen - Otta - Stryn – Nordfjordeid – Måløy/ Volda - Ulsteinvik. 2 daglege avgongar i begge retningar mellom Nordfjord og Gardermoen/Oslo heile året. Ekstrabussar blir sett inn etter behov i høgsesong.

Vy 430 express, Bergen – Førde – Skei – Sandane – Nordfjordeid – Volda – Ørsta - Ålesund. 2 daglege avgongar i begge retningar mellom Nordfjord og Gardermoen/Oslo heile året. Ekstrabussar blir sett inn etter behov i høgsesong.

Dei beste prisane vil alltid vere å finne på nettet. Kjøp ekspressbussbilletten på nettbuss.no 

UNESCO Fjord Buss tur. Dagleg frå 24. juni – 01. september 2019 på strekninga Sogndal, Fjærland, Skei, Olden, Loen, Stryn og Geiranger tur/retur. Fjordtours.com 

Kombinasjonsturar frå Oslo og Bergen: 

Sognefjorden i et nøtteskall & UNESCO Fjord Buss tur

Sognefjorden & Nærøyfjorden i et nøtteskall med UNESCO Fjord Buss

 

Finn bussruter for heile Sogn og Fjordane fylke på kringom.no og Møre og Romsdal fylke på frammr.no