Hornindalsvatnet

Hornindalsvatnet er den djupaste innsjøen i Europa, 514 meter. Ingen av breelvane munnar ut i vatnet og dette gjer det til Nordens klaraste innsjø. Er du heldig kan du kanskje oppleve sjøormen "Horny" i Hornindalsvatnet, for det er visst ikkje alle som får sjå han. Han ser seg folk føre og ein må også vere i ei spesiell sinnsstemning for å få denne opplevinga.