CBIS 6206665
CBIS 6206666
CBIS 6206667
CBIS 6206668
CBIS 6206669

Hogrenning Feriehytter

Hogrenning Feriehytter ligg i øvre del av Lodalen (10 km frå Loen) med utsikt til Ramnefjell. 5 hytter. Alle boeiningane har utsikt mot Lovatnet og ligg med 3 til 100 meters avstand ned til vatnet.

Grillplassen kan nyttast av gjestane og det er mogleg å leige robåt.
Likar du turar i eineståande natur, er du midt i sentrum for dette her. Storslagen utsikt over dalen og det grøne vatnet er rett utanfor hyttedøra.

Utsikten og Fjordblikk hyttene er oppført i tidsrommet 1991 til 2003 og er av god standard. Naustbu er av eldre modell men er til gjengjeld ei hytte som ligg heilt nede ved vatnet og for seg sjølv nedanfor garden.