Hoddevik og Surf

Surf Hoddevik Nordfjord
Surf Hoddevik Nordfjord
Hoddevik Surf Nordfjord
Hoddevik Surf Nordfjord

Hoddevik og Surf

"Ytterst på Stad finn du Hoddevika, Vestlandet sitt heilt eige krittkvite strandparadis. Dei magiske sikksakk-vegane ned til kysten av Stad, førte meg til surfeparadiset Hoddevik. Sjølv om det etter kvart er blitt ein attraksjon i det globale surfemiljøet, gav staden meg ein heilt spesiell og intim kjensle. Det lille samfunnet består berre av 20-30 hus og er omkransa av høge fjell. I front ligg den krittkvite sandstranda med fantastiske bølger og utsikt rett ut i havgapet. Sjølv om det er tilrettelagt for utleige av rom og surfeutstyr, valde eg å slå opp telt på campingplassen ved strandkanten for å nyte solnedgongen og lyden frå havet. I Hoddevika treng du eigentleg berre å .... vere. Neste dag starta med ein liten tur opp Mosekleivhornet, ein sti rett opp den store renneformasjonen som går på sørsida av toppen. Oppe på topplatået, såg eg rett ned på surfeparadiset med flott utsikt utover havet."

Fred Syversen​​ 

 

I Hoddevik, ytterst på Stad, kan du vandre berrføtt på kvit sand, omkransa av høge fjellsider. Når du køyrer ned "hårnålsvingane" har du ei fantastisk utsikt.
Hoddevik er ein ynda stad for surfarar frå heile verda. Staden er svært godt egna for surf under ekstreme vindforhold på grunn av dei høge fjella som skjermar stranda frå den verste vinden. Faktisk påstår folk at det er ein av den beste surfespotten i verda.