Havly Bed and Breakfast

Vi er ein liten og sjarmerande B&B på Iglandsvika i Bremanger. Du finn oss heilt i sjøkanten - naust og sandstrender, ramsalt sjø og sjøbuer dannar ramma.

Vi har 13 rom med eige bad i enkel standard, peisstove, frokostsal og Vitan Bar & Kafé i kjellaren. Wifi og frokost er inkludert i prisen. Like i nærleiken finn du Grotlesanden, Iglandsvik Handelsstad med daglegvare, drivstoff, klesbutikk og kafe. Vi er og eit godt utgangspunkt for turar til Vetvika, Hornelen, Kalvåg, Vingen og fleire andre fjellturar.

Info:

Attributes

Havutsikt
Nærme naturen
Nærme fjellområde
Landleg
Utandørs parkering - Gratis
Fjellområde
Fjellutsikt
Gratis Wi-Fi