CBIS 6206772
CBIS 6206773
CBIS 6206780
CBIS 6206797

Havila Hotel Raftevold

Havila Hotel Raftevold ligg i Hornindal. Den vakre hagen vår ligg vendt mot Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Hotellet ligg nær Geirangerfjorden som står på Unescos verdsarvliste, Briksdalsbreen og Vestkapp-platået. Jugendbyen Ålesund med sin vakre og historiske arkitektur ligg berre to timars køyretur unna via E39. Næraste flyplass er Ørsta-Volda lufthamn, ein god halvtime frå hotellet.

Havila Hotel Raftevold er eit innbydande og venleg boutiquehotell. Hotellet har nyleg vorte renovert og fått ein ein moderne og fargerik stil. Alle roma har wifi og vakker utsikt. I Dølen Eteri serverer vi lekre menyar basert på ferske, lokale råvarer og god tradisjonsmat. Vi tilbyr også gratis parkering ved hotellet og moderne møtefasilitetar.

Alle roma på Havila Hotel Raftevold er nyleg pussa opp. Kvart rom har flatskjerm-TV, skrivebord og eige bad med dusj. Dei fleste av rommene våre har balkong anten mot vatnet eller fjella.