CBIS 6222145
CBIS 6222147
CBIS 6222149

Guida Stisykling | Nordfjord Aktiv

Våre guidar viser deg dei beste spottane, dei hemmelege stiane, og den flotte naturen rundt. Men du må ikkje seie det til nokon, for det er framleis ei hemmelegheit. Terrenget i Nordfjord er svært godt egna for stisykling.

Eit eige samfunn har vakse opp rundt stisykling i Gloppen, og vi kan dermed tilby både erfarne og dyktige guidar som er flinke både til å finne eigna stiar til gruppa, og til å formidle naturopplevingane. Eit stisykkel-senter med bærekraftige stiar og eigen klatresti er under utvikling på Vereide. Stiane kan nyttast uansett ver, og er godt egna til nybegynnarar. Det store talet på gode sykkelstiar gir oss høve til å velje den perfekte stien til kvar gruppe.

INFORMASJON:
Når: 17. juni - 18. august: Kvar Onsdag og Laurdag (Andre dagar på førespurnad)
Oppmøte: Intersport på Sandane kl. 12.00
Tid: 3-4 timar
Språk: Engelsk, norsk
Minimum: 2 personar
Pris: 1500kr
Alder: Minimum 12 år (>145cm)

INKLUDERT:
Fulldempa stisykkel
hjelm og knebeskyttarar
Sykkelguide
DETTE ORDNAR DU:
Passande turklede/treningsklede
isolerande lag til å ta på i pauser
Gode joggesko/sykkelsko
Lunsjpakke
Dersom du tek med din eigen sykkel, anbefalar vi sterkt at du nyttar ditt eige sikkerhetsutstyr.

Ferdigheter, ver og vind er avgjerande for val av tur/løype den aktuelle dagen.