CBIS 6207900
CBIS 6207871
CBIS 6207872
CBIS 6207873
CBIS 6207877
CBIS 6207878
CBIS 6207883
CBIS 6207895
CBIS 6207897
CBIS 6207898
CBIS 6207899

Gloppen Hotell - By Classic Norway Hotels

Overnatt i historiske omgjevnader i hjartet av Fjord Norge. Gloppen hotell er eit sveitserstilhotell frå 1866 og ligg fint til i Sandane sentrum. Hotellet har tilsaman 61 rom frå 3 forskjellige århundre. 17 historiske rom der alle er individuelt innreia, 24 noridiske rom i moderne skandinavisk design og standard doble og enkle rom.

Kjem du til Gloppen på ferie? Eller skal du på firmatur, blåtur, utdrikningslag eller slektstreff? Hos Gloppen hotell finn du eit bredt utval av aktivitetar for ein kvar smak, og alltid i kombinasjon med den unike lokalmaten. Ein vel sjølv kva meny ein vil ha til sitt arrangement. Hotellet lagar også gjerne eigne menyar til di gruppe om ein ynskjer det. Den flotte varierte naturen med fjorden som bakteppe, skapar dei perfekte rammer. Hotellet ligg også midt mellom fleire fantastiske severdigheter.
Gloppen hotell har restaurant og bar, stort kurs og selskapsavdeling for 160 personar, samt moglegheit for konferanseopphald. Gloppen er kjent for mat av høg kvalitet, gjennom si satsing på lokal mat og sitt eige produksjonskjøkken: Gloppen Mat og er saman med Gloppen Brygg eit av hotellets tre stolte kjerneprodukt. Produksjonskjøkenet er plassert like bak hotellet, og her mottek vi råvarene frå fantastiske produsentar rundt om i kommunen, dei fleste under 3 km vekke frå hotellet.
Gloppen Hotell er også ein av fire bedrifter i fylket som er med i Norwegian Foodprints, Innovasjon Norge si rangering av dei beste stadane å ete.
Konferanse:
Eit konferanseopphald på Gloppen Hotell gjev noko ekstra. Med ei heimekoselege atmosfære og herlege lokalmat, har du den perfekte ramma for lyse idear og ny inspirasjon. Hotellet tilbyr også ferdig sydde konferansepakkar, med blant anna fokus på lagbygging, lokalmaten eller litt av alt.
Etter å ha vore gjest hos oss på Gloppen hotell skal ein skjønne at det er noko heilt spesielt med lokal mat frå Nordfjord. Hos Gloppen hotell er maten frå bygda, fersk, rein og utan tilsetningsstoff.