CBIS 6311125
CBIS 6311124

Giftesteinen/Jomfrusteinen

Det er to historier knytt til denne steinen.

Den første går ut på at brudefylgjet gjekk til denne steinen, og at brura måtte krype gjennom strinen under alles påsyn. Kom ho gjennom, var alt i orden, kom ho ikkje gjennom, var ho sannsynlegvis gravid.

Den andre historia går ut på at budeiene frå setrene i området måtte gå gjennom steinen når dei kom i mai og deretter når dei avslutta arbeidet på seinsommaren, for å sjå om dei hadde vore "lausslupne" i løpet av tenestetida.