CBIS 6220396

Flo Gardsmat

På Flo smeltar tradisjon og gode råvarer saman i herleg epledrikk.

Flo Gardsmat er etablert i bygda Flo på nordsida av Oppstrynsvatnet i Stryn kommune.

Flo har lange tradisjonar innan fruktdyrking. Dei har jamvel eit 450 år gamalt epletre, men trea som Flo Epledrikk vert laga av, er langt yngre.

På garden dyrkar dei eple, jordbær og poteter. Hovudproduktet er Flo Epledrikk, ein 100% rein naturmost av eple framstilt utan tilsetningsstoff. I tillegg lagar dei eit anna tradisjonsrikt produkt - Flo Eplegele. Også den anbefaler vi på det sterkaste å smake!

På Flo smeltar tradisjon og gode råvarer saman i herleg epledrikk.