CBIS 6664433

Visit the Hjortegarden | Knutholmen

Visit the Deer farm in Ålfoten!

Her kan du få helse på og mate hjortane med gulerøtter som du får utdelt i storslått natur som råme. Hjortegarden i Ålfoten er så tett på naturen som det er mogleg å komme. Det er ein gard med alle positive assosiasjonar til forvaltning av naturen, skaparglede, kjærleg dyrehald, mattradisjonar, jakt og verdiskapning. Hjorten er det majestetiske dyret som eig skogane rundt garden, der dei regjerer heilt nede frå fjorden, opp langs elvane, gjennom skog, kratt og urar til Snaufjellet og den store Ålfotbreen.

Aktivitetar du kan gjere på garden:

- Fôring av hjort

- Lagbygging

- Ålfotbreen

- Fotturar og DNT- løyper

- Ferskvatn- og sjøfiske

Eit slikt besøk vil alle born og vaksne sette stor pris på.

Kombiner gjerne besøket til Hjortegarden med ein fottur i Førdedalen. Mating skjer kl.11:00 kvar dag Juni-August. Tid utover dette avtalast.