CBIS 6422010

Vaffelhjarte

Ein ven i livet skulle alle ha! Med Riksteatret sin versjon av Maria Parr si fabelaktige bok, kan du glede deg til ei fartsfylt teaterframsyning med humor, varme og mykje musikk.

Ein ven i livet skulle alle ha!

Maria Parr er blitt omtalt som vår nye Astrid Lindgren og norsk barnelitteratur si nye superstjerne. Vaffelhjarte kjenner du kanskje også frå TV-serien på NRK med musikk frå Odd Nordstoga? Med Riksteatret kan du glede deg til ei fartsfylt teaterframsyning med humor, varme og mykje musikk. Og lukta av nysteikte vafler, så klart.

Vaffelhjarte handlar om dei to barna Trille og Lena i den vesle bygda Knert-Mathilde. I Riksteatret si store familieframsyning følgjer vi dei to oppfinnsame barna gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. De finn på masse moro, gjer rampestrekar og har løyndomar saman. Ofte går det litt over styr i den vesle bygda deira. Og innimellom all leven og latter, fortel Trille lavmælt om alvor og sorg i eit barneliv, og om redselen for å miste dei han er glad i. Men Farfar følgjer med – og han er god å ha. Og Tante-Farmor, som lagar verdas beste vaflar, forsikrar Trille om at han ikkje treng å vere redd.

På scena: Johanne Fossheim, Vidar Sandem, Kjærsti Odden Skjeldal, Erlend Smalås, Linda Tørklep, Eirik Risholm Velle, Catharina Vu og Martin Karelius Østensen

Team: Regissør Kjersti Haugen, musikalsk ansvarleg Ket Iren Lødemel, scenograf og kostymedesignar Dagny Drage Kleiva, dramaturg Tine Thomassen og produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen