CBIS 6469703

Trygve Skaug

Endeleg kan du oppleve Trygve Skaug i Operahuset Nordfjord, den store formidlaren, poeten, låtskrivaren og artisten.

Trygve Skaug har mykje på hjartet. Og han har heldigvis like mykje inni det.



Trygve Skaug er ein stor formidlar som framkallar latter så vel som tårer. Ein varme og tilstadeværing av dei sjeldne. Musikken hans er blant den mest spelte på norsk radio over fleire år, og songane har lege til saman over 180 veker på NRK sine lister. Som forfattar har han gitt ut fire diktsamlingar, og har vore den mestseljande lyrikaren dei siste to åra, i tillegg til å vere ein av de mest delte poetane på sosiale media og ikkje minst etterkvart ein av Norges mestseljande artistar.


15. mars gler vi oss stort til å ta imot Trygve Skaug her i Operahuset Nordfjord.