Seter i Gloppen
©Thomas Sagvik

Opplev ein seter, støyl eller eit sel – Kjært born har monge namn

Bødalssetra

 

Alle nordmenn har eit forhald til dei nasjonalromantiske små husa som ligg halvvegs opp i fjellsida. Anten du kjenner til historia eller om du har tatt deg ein kvil på veg opp til ein av dei mange fjelltoppane, som oftast omkranser setrene. 

 

I storslått natur, ligg dei særeigne og historiske bygningane. Dei går i eitt med naturen, og er tilpassa landskapet i forhald til vêr, vind og topografi. Setrane fortel ei eiga historie om livet i fjella, tradisjon og kulturen som ein gong var. 

 

Seterdrift har vore viktig i mange fjellområder – inkludert Nordfjord. Hensikta med «setering» var å utnytte beiteareal over eit større område og i område det ikkje var mogleg med fast busetjing. Setrene er tilknytta gardane, og gardane hadde ofte to eller tre setre som vart brukt på ulike delar av sommarhalvåret. Setring som driftsform kan ha gått heilt tilbake til vikingtida.

Seter i Gloppen

Setrenes blomstringstid var i middelalderen og fram til 1900 talet, då det vart grunnlagt større ysterier i dalane. Setrene hadde størst betydning for fjellbygdene. Støylslivet vart tenkt forskjellig på – nokon forbandt det med slit og ømme musklar, medan andre opplevde støylslivet som romantisk. I dag vil vi påstå at støylivet er veldig romantisert. Vekk frå støy, trafikk og moderne teknologi. Det blir som ei romantisk reise tilbake i tid.

 

Besøk ei seter 

 

I Nordfjord har vi mange støylar som høyrer til dei mange gardane i området. Ønskjer du ein lettare vandretur kan vi anbefale setervandring. På noke støylar kan ein overnatte.

Bødalssetra

 

Bli med til gards

 

Besøk ikoniske Segestad, som er over 100 år gammal. Lengst ute på ein fjellknaus ligg den fråflytta garden, som har utsikt over Oppstrynsvatnet i Stryn. Stien opp til garden snirkler seg opp fjellsida ved sidan av den vakre Glomnesfossen. Segestad er ikkje berre ei oppleving i høgda, men ei oppleving tilbake i tid. På garden finn ein informasjonstavler som fortel om gårdslivet som ein gong var. På garden, som er ein gamal kulturskatt, kan ein overnatte mot at ein vippsar eit lite beløp.

Youtube video image