Fjordhest

Den ville fjordingen

Ein av verdas eldste hesterasar

Fjordhesten er ein av dei eldste hesterasane i verda. Han er ein av tre opprinnelege norske hesterasar, og vert rekna som Noreg sin nasjonalhest. Fjordhesten er lett å kjenne att og har mange primitive kjenneteikn vi berre finn på villhesten, przewalskihesten. Dette er til dømes ei mørk stripe over ryggen og mørke tverrstriper på beina. Fjordhesten skil seg også lett ut med sin karakteristiske ståman. 

Fjordhest

Tilpassa det vestlandske landskapet

Fjordhesten er avla fram på Vestlandet og bar namnet vestlandshest i mange år. Landskapet på Vestlandet er prega av lange fjordar og bratte fjell, og historisk var folk avhengige av å ha ein hest som stødig kunne ta seg fram i det ulendte terrenget. I tillegg til å ha vore viktig innan transport var fjordhesten ein ideell gardshest på dei små og tungdrivne gardsbruka då han er liten, sterk, uthaldande og lettfôra. 

Allsidig brukshest

Fjordhesten vert blant anna omtala som ein robust, sterk, nøysam, godlynt, villig og påliteleg hest. Desse eigenskapane gjer at han i dag er ein allsidig familie- og hobbyhest. Fjordhesten passar både for nybyrjarar og for dei med meir hesteerfaring. Han er ein flott førstegangshest for dei yngste, men også fin for dei som likar seg best på konkurransebana. Fjordhesten vert også mykje nytta innan terapiriding og turisme grunna hans rolege gemytt.  

Utrydningstrua

Fjordhesten reknast i dag som utrydningstrua i Noreg på grunn av for få fødde føl pr. år. I Noreg er det ca. 5000 registrerte fjordhestar, men det er store populasjonar i andre land som til dømes Danmark, Tyskland, Nederland, Frankrike og USA. 

Norsk Fjordhestsenter

Norsk Fjordhestsenter er eit kompetansesenter for fjordhesten, med informasjons- og rådgivingsteneste for alle forhold rundt den heilnorske hesten. Ei av hovudoppgåvene er å fremje avl og bruk av fjordhesten. 

Norsk Fjordhestsenter vart oppretta i 1989 og er plassert på Nordfjordeid. Nordfjordeid vert kalla for fjordhestens Mekka, og bygda er kjend for lange og gode hestetradisjonar. 

Det har vore arrangert hesteutstilling på Nordfjordeid sidan 1886, og årleg kjem det folk frå heile verda for å få med seg den tradisjonsrike hingsteutstillinga første helga i mai. 

Opplevingar med fjordhest

Dersom du har lyst til å oppleve norsk natur er fjordhesten ein trygg og stødig turkamerat. Då fjordhesten er roleg, snill og tar seg godt fram i terrenget er han super for alle som har lyst til å ta seg ein ridetur, uansett hesteerfaring frå før. På Norsk Fjordhestsenter er det også mogleg å sjå fjordhestar i avl, høyre historia om den norske hesten og vere med på ulike aktivitetar med fjordhesten.