Hjortemating, gardsaktivitetar og middag

Bli med å hels på hjorten vår. Du får treffe hjorten og mate den med kraftfôr og klappe den. Deretter er det gardsaktivitetar som pil og bue, øksekasting, melkespannholding, fresbeegolf og tautrekking...

Bli med å hels på hjorten vår. Du får treffe hjorten og mate den med kraftfôr og klappe den. Deretter er det gardsaktivitetar som pil og bue, øksekasting, melkespannholding, fresbeegolf og tautrekking. Vi avsluttar på Hjortestova for eit betre måltid, hjortegryte med tilbehør og dessert.

Pris pr voksen: 545,-
Pris pr barn (under 12 år): 395,-
Hjortegarden i Ålfoten er så tett på naturen som det er mogleg. Vi har fokus på naturen, skaparglede, kjærleg dyrehald, mattradisjonar, jakt og verdiskaping. Hjorten er det majestetiske dyret som eig skogane rundt garden, der dei regjerer heilt nede frå fjorden, opp langs elvane, gjennom skog, kratt og urar til snaufjellet og den store Ålfotbreen.

Hjorten i logoen er skoren ut av isbreen i origami-stil, ein replika av den store seksgreinaren som far til Karl Vidar, Martin Førde, skaut i 1972,...
Hjortegarden i Ålfoten er så tett på naturen som det er mogleg. Vi har fokus på naturen, skaparglede, kjærleg dyrehald, mattradisjonar, jakt og verdiskaping. Hjorten er det majestetiske dyret som eig skogane rundt garden, der dei regjerer heilt nede frå fjorden, opp langs elvane, gjennom skog, kratt og urar til snaufjellet og den store Ålfotbreen.

Hjorten i logoen er skoren ut av isbreen i origami-stil, ein replika av den store seksgreinaren som far til Karl Vidar, Martin Førde, skaut i 1972, med ei slaktevekt på 155 kg. Profilelementa skildrar Ålfoten – innkapsla mellom høge fjell, rennande elvar, Ålfotbreen og den mektige avstikkaren av Nordfjord. Garden er driven av Sonja og Karl Vidar Førde. Dette er ekte vare. Dette er naturopplevingar i verdsklasse. Dette er Hjortegarden. Velkomne til gards!

AKTIVITETAR:Fôring av hjort
Lagbygging
Pakketurar
Ålfotbreen
Fotturar og DNT-løyper
Ferskvass- og sjøfiske

FASILITETAR:
Unike naturopplevingar
Selskapslokaler
Konferansefasilitetar
Matservering ved avtale
Familievennleg

Info: