CBIS 6421900

An American Holiday with Adam Douglas - UTSELD!

Adam Douglas inviterer til ein storslått julekonsert! Med seg har han eit fantastisk band og kor.

KONSERTEN ER UTSELD, og det blir ikkje sett opp ekstrakonsert. Vi kan formidle kontakt viss det dukkar opp ledige billettar. Kontakt oss på [email protected] eller Facebook-sida vår Operahuset Nordfjord viss du vil stå på venteliste, eller har ledig(e) billett(ar).

Adam Douglas inviterer til ein storslått julekonsert med eit amerikansk soul- og jazz-uttrykk. Tema er vinter og jul. Det blir nokre klassiske julelåtar, samtidig som publikum får servert nye versjonar av gamle hits og nokre originallåtar.



Med seg har han songarar frå koret Traces Gospel Choir og eit fantastisk band. 12 musikarar på scena gjer dette til ein av dei største omreisane juleturneane i landet.

Adam Douglas har på få år markert seg som ein av Norges mest hardtarbeidande artistar, med si store stemme og delikate gitarspel. Hausten 2017 tok han steget inn i dei tusen heimar. Kvar laurdag løyste han nye musikalske utfordringar i Stjernekamp, og enda opp med å vinne heile konkurransen. Adam Douglas er oppvaksen i Oklahoma, og har budd i Chicago og Minneapolis. Han nærast ramla inn på ei scene då han var åtte år og har sidan ikkje sett seg tilbake. Adam er ein spelemann i ordets rette forstand. Musikken hans handlar om å spele for folk.

The American Holiday band:
Adam Douglas - gitar og vokal
Jørgen Kasbo – gitar
Thor Erik Fjellvang – keys
Iver Olav Erstad – keys
Lars Erik Dahle – bass
Ruben Dalen - trommer
Kor: Monica Lysand, Tracee Meyn, Linn Marie Patee, Johanna Dahl Byrne, Siv Iren Misund og Ingrid Elisabeth Thomassen - alle frå Traces Gospel Choir

Arrangør: Fjordane Musikkforum