Fotograf

Vi elskar å ta bilete når vi er på ferie. Vi ynskjer å fange små og store augenblikk, flotte utsiker, morosame hendingar og ikkje minst oss sjølv. Vi delar desse med verden på sosiale medier før vi har delt det med våre kjende og kjære heime. Eit godt bilete skal ta deg med på ei reise, det skal skape nysgjerrigheit og kjensler, det burde også ha litt “wow faktor”. Men kva skal til for å enkelt ta gode bilete?

Bilder Thomas

 

"Det beste kameraet er ikke bare det kameraet du har, men det kameraet du vet hvordan du bruker."

Det beste kameraet er det kameraet du har med deg, dette har vell fleire av oss høyrt før? For dei fleste er det beste kameraet det kameraet du har på deg, i lomma, nemleg mobilen. Men skal ein klare å få dei gode bilda, må ein også kunne å bruke det kameraet ein har. Det beste kameraet er ikkje berre det kameraet du har, men det kameraet du veit korleis du brukar. Her er det nokre tips og råd ein kan ta med seg om ein ynskjer å enkelt ta betre bilete i ferien, uansett kva slags kamera ein har.

Lys

Lys etter stemninga. Lys framhevar eit flott motiv, og det skapar magien. På den andre sida kan lys også øydelegge eit ellers flott motiv, spesielt når det takast med mobilen.
1.Ta bilete i soloppgong og solnedgang, da er lyset mjukt, varmt og flatterande. Dette vil framheve den gode stemninga og du kan bruke lyset til å framheve motivet.
2.Unngå å ta bilete midt på dagen, direkte mot sola. Dette vil skape harde skuggar og kontrastar som du ikkje ynskjer. Men ver kreativ, bruk lyset til din fordel.
3.Unngå å ta bilete når det er mørkt om ein ikkje har eit motiv som er opplyst. Ein mobil vil for eksempel ikkje ha nok lysfølsomheit til å ta skarpe og nok bilete om den ikkje får tilstrekkeleg med lys.

Thomas Sagvik Solnedgang
 

FOTO: Thomas Sagvik

Det gyldne snitt/ The rule of thirds

Det gyldne snitt er ei matematisk utrekning av det mest visuelt tilfredsstillande punktet på ei gitt linje. Rett og slett ein komposisjonsregel som er verdt å lære seg om ein ynskjer å ta gode bilete. Sjå for deg at du delar opp biletet du ser fram for deg i ni like boksar laga av to horisontale og vertikale linjer. Da vil hjørna der firkantane møtast i midten av biletet vere det mest tilfredsstillande punktet å plassere det du anser som dei viktigaste elementa i biletet. Ideen er da at biletet vil verke meir balansert og estetisk attraktivt enn om ein hadde plassert motivet i midten av det. 

Det gylne snitt

Når ein har lært seg dette står ein fritt til å bryte den. Dette fordi nokre gongar ser det faktisk visuelt betre ut om motiver er rett i midten. Om fokuset i bildet er symmetri, då plasserar ein motivet i midten. Til sist, bruk også denne teknikken til å forsikre deg om at bileta er rette.

Er havet i horisonten rett? Er bygninga rett? Et ganske så enkelt tips, men fort gjort å gløyme i farta. 
 

"Man tar ikke et flott bilde, man lager det" 

Fotografi gjev deg ein gylden moglegheit til å vere kreativ. Skap eit bilete ingen andre har. Her kjem nokre tips til kva ein bør tenke på. 

1.Vinklar.
Skap ein vinkel som leiar auget inn i biletet mot det du ynskjer skal vere fokuset. Ta biletet av same motivet med forskjellige vinklar. Eit eksempel kan vere ei brygge kommande inn frå sida mot midten av biletet der anna motiv visast. På same måte kan den same brygga sentrerast og leie auget direkte inn mot fjellet i midten. Ein vinkel til kan vere nedan i frå og opp, dette får det til å sjå mykje større. Husk å ikkje ver redd for å tenke utanfor boksen. 

2.Ta bileta gjennom noko. 
Ta nokre steg tilbake, ta biletet gjennom eit par tre eller hald nokre blad forran linsa, dette gjev biletet ein annan dimensjon. Ta biletet gjennom teltet eller gjennom ruta på bilen. Ser du noko du kan bruke rundt deg for å gjere det heile meir intresessant? 

3.Tenk annleis.
Ofte kjem vi heim frå tur og ser at veldig mange andre har tatt det same biletet. Korleis kan ein ta biletet av same motivet på ein annan måte? Korleis tar alle andre biletet av dette motivet? Korleis kan eg gjere det annleis? 

4.Legg til noko eller nokon i forgrunnen.
Har du med ein hund på tur eller ein turven som ville skapt ei god stemning i biletet? Kanskje ein blome eller fleire ville gjort seg som ein forgrunn til den vakre utsikta bak? Bruk fantasien og føl på den stemninga du ynskjer å skape. 

5.Rydd biletet
For mange element i eit bilete kan verke rotete og vere i vegen for eit elles vakkert motiv. Er det mogleg å rydde biletet for å framheve det som skal vere i hovudfokus, så gjer dette. Er fokuset masse turutstyr spreidd rundt på ein leirplass, så skal du sjølvsagt gå for dette. Det bringer oss til siste tips. 

6.Det du tykkjer er eit bra biletet, er eit bra eit
Ikkje samanlikn deg for mykje med andre. Hent inspirasjon frå dei du likar best, og gjer di eiga greie på din måte. Desse tipsa vil skape ein atmosfære i bileta dine. Det er fin å skille seg ut og ikkje kome heim med det same biletet som alle andre har. Plutselig bil andre bruke deg som inspirasjon på deira neste tur.

Thomas Sagvik

Lykke til! 

Redigering

Kamera våra fangar ikkje opp fargane slik som auga våra gjer det. Fortvil ikkje om bileta dine ikkje lev opp til forventingane når du kjem heim. Ved å etterbehandle bileta dine kan du auke fargemetninga, altså sterkare fargar. du kan gjere dei skarpare, lysare, mørkare og du kan framheve enkelte området på biletet og lette på skuggar. Sky is the limit no om dagen, but less is more.

Brukar du eit kamerasystem og ynskjer å redigere på mac/pc vil Adobe Lightroom vere å anbefale. Du vil også finne meir rom for kreativ utfolding i Adobe Photoshop som også anbefalast. Redigerar du på mobilen anbefalast snapspeed og vsco. Her finn ein ferdige filter, men du kan også redigere din slik du ynskjer sjølv. Det er gratis appar både for IOS og Android. Last dei ned, prøv dei ut og lær deg triksa som gjer at dine bilete skil seg ut. 

 

 

Drone

Thomas Sagvik

 

Endeleg, sumaren er her. På tide å fly drona som kosta så mange tusen kroner. Folk skal sperre opp auga når dei ser bileta dine, likes og followers skal strøyme inn på Instagram. Ei drone kan skape ein vinkel ingen av oss er vande med. Det er lett å bli fascinert eit dronebiletet frå himmelen når du kun er vandt med å sjå det same området frå bakken.
Men vent! Ei drone med følgjer også ein heil del omsyn og reglar ein må vite om før ein tek den i bruk. Hold ein avstand på 150 meter frå folk, bygningar og trafikk. Dette gjeld trafikk på veg, sjø og i lufta. 
 

Drone illustrasjon

Hald ein avstand på 150 meter frå folk, bygningar og trafikk. Gjeld trafikk på veiar, på sjøen og i lufta. 

Fem hovudreglar:
1.Du skal alltid kunne sjå drona, kun fly i dagslys og flyg den på ein omsynsfull måte. Aldri flyg i nærleiken av ulukkesstadar. 
2.Ikkje flyg nærare enn 5 km frå lufthamner med mindre noko anna er avtalt. 
3.Du skal alltid kunne sjå drona. Ikkje flyg høgare enn 120 meter over bakken
4.Ikkje fly over festivalar, militære områder eller sportsarrangement. Hold ein avstand på 150 meter. 
5.Vis omsyn til andre sitt privatliv, husk reglar som gjeld foto og video av andre personar. 

Husk at som droneførar har du fullt ansvar for skadar på personar og eigendelar. Flyg alltid drona  på ein omsynsfull måte.

 

Nasjonalparkar og verneområde 

Noregs mange nasjonalparkar og verneområdet har eigne lovar og reglar. Det er ditt ansvar å undersøkje kva som gjeld for der du er. Det er blant anna ulovleg å fyke drone i Jotunheimen og Utladalen, Kjeragbolten, delar av Trolltunga, Besseggen og på Dovrefjell?
 Her skal det takast omsyn og du må sjølv google reglar eller undersøke via naturbase.no På dei fleste plassar vil du også finne skilt med nødvendig informasjon angåande dronebruk og andre reglar. Meir informasjon finn du her: https://luftfartstilsynet.no/dronelek/

Briksdalsbreen Drone