CBIS 6312389

Dragseidet - Libbera

Du veit ikkje kva fridomskjensle er før du har tatt turen til Libbera.

Libbera, no med bakoversveisgaranti! Opplev Dragseidet, der vikingar drog skipa sine over om dei ikkje ville segle over det vêrharde Stad (der Olav Tryggvason tvangskristna fire fylker i 997). La historia få nytt liv langs den gamle kyrkjevegen mellom Stad og Selje. Nyt lukta av salt og høgfjell. Kvil blikket der himmel møter hav. Kjenn korleis vinden rufsar deg venskapeleg i håret.