Peter-John de Villiers

Frå Kapp Det Gode Håp i Sør-Afrika til Vestkapp, Norge sitt vestlegaste fjellplatå

Kunstnaren Peter-John de Villiers, fødd i Sør-Afrika i 1980, har no funne sin heim i den vesle bygda Stad i Nordfjord. Her på det vestlegaste fjellpunktet i Noreg, er han omringa av vakker natur og dei kreftene denne gjev, og det er her han finn inspirasjon til arbeidet sitt.

Peter-John de Villiers er ein kunstnar kjend for å fange essensen og brutaliteten i naturen som omringar oss. Han samlar på det han ser og opplever og feirar mangfaldet og krafta naturen har til alltid å vere ein livgjevande skilnad i eitkvart menneske sitt liv.

Peter-John de Villiers si kone Sunniva Djupedal var opprinneleg frå Selje, og i 2009 flytta han saman med henne til Stad for eit opphald på seks månader. Etter ni år i hovudstaden, vender dei tilbake til Vestlandet i 2018 og her ser ut til å bli verande for å nyte dei meir bortgøymde omgjevnadane blant fjell og fjord.

Dei store spørsmåla dukkar alltid opp; kva kom først? Kunstnaren eller landskapet? I Peter-Johns de Villiers tilfelle ser det ut til at desse kom saman.

Peter-John de Villiers

Etter å ha flytta frå Sør-Afrika, studerte de Villiers ved «The Ringling School of Arts and Design» i Sarasota, Florida. I 2003 blei han ferdig utdanna og gjekk ut med ein «Bachelor of Fine Arts in Illustration». Herifrå eskalerte han raskt fram på den internasjonale kunstscena og har sidan ikkje sett seg tilbake. Arbeida hans er å finne på utstillingar verda rundt, og kvar enn ferda har ført han, ser det også ut til at dei fysiske omgjevnadane han oppheld seg i følgjer han inn i kunsten. Når ein møter Peter-Johns de Villiers sine verk, er det liten tvil om at omgjevnadene har hatt sett sitt tydelege preg på abeida hans.

Peter John de Villiers har ein unik stil. Gjennom valet av blyant og pensel har han gjennom åra blitt ein gjenkjenneleg kunstnar på den internasjonale kunstscena. Frå New York til London, til Gold Coast i Australia og Mexico City, frå Oslo til San Fransisco. Kreasjonane hans har ei eiga evne til å snike seg inn

under huda på ein og trekkje tankane mot ei djupare kollektiv meining. Ein kjenner att sitt eige fysiske miljø hand i hand med sitt eige skjulte sinn i måleria, teikningane og trykka hans.

Peter-John de Villiers set pris på det heilt enkle noko som syner seg i såvel val av verkty til omgjevnadene kring han. Naturen er den beste lærar, og han skaper helst med eiga hand, utan teknologi og data så langt det lar seg gjere. Han er derimot ein meister i å samarbeide med alt i frå kjende musikarar, til snowboardarar til skateindustrien sjølv. Ved å gjere dette klarar han å ta kunsten ut til massene og gjer seg kjend langt utover tradisjonelle galleri og kvite utstillingsveggar. I Norge har han blant anna samarbeidd med merke som Amundsen Bryggeri, Sørenga Sjømat og Den Norske Turistforeningen (DNT). Han har også jobba med Rema 1000, Sparebank 1 og Vinmonopolet for å nemne nokre.

På eit internasjonalt plan har de Villiers skapt kunst for skomerket Vans og laga eit enormt veggmåleri for Mandrake Hotel i London. Andre internasjonale samarbeid inkluderer House of Maiden, Satyricon, Volkswagen, Ventura, Mercedes-Benz med fleire. For musikklegenda Santana har han også laga fleire kunstverk for til bruk på t-skjorter og plakatar.

Peter-John de Villiers

 

Nyleg skapte Peter-John de Villiers eit veggmåleri av ein surfar for det nye lokalmiljøet sitt i Selje. Kva framtida bringer veit berre kunstnaren sjølv, men at han har planar om å fortsetje å nyte det heilnorske tilværet på surfebrett, turar i fjellet og vakker natur; det er det liten tvil om. Kunstnaren ser ut til å nyte godt av å vere omringa av mektige landskap, og med roa som følgjer med, gjev dette han rom til å utforske vidare inn i menneskesinnet. Vi håper sjølvsagt det betyr at vi som tilskodarar får moglegheita til å oppdage meir av kunstverka hans i næraste framtid. Vi ser fram til å følgje han både lokalt og internasjonalt.