"Stien opp frå Fjellstova til Briksdalsbreen er for meg like spektakulær som det verdskjende prospektet som ventar deg på toppen: brearmen som stuper 1200 meter ned frå breplatået til Jostedalsbreen før den endar i vatnet med denne heilt spesielle fargen. Breen har minka i omfang dei seinare åra, men det er fortsatt like magisk å kome opp til toppen og nyte denne særeigne perla i Norge. På vegen fekk eg helse på eit hyggeleg og nyttig dyre innslag, nemlig geiter. Å jogge oppover dei tronge fjellsidene i Briksdalen må være den optimale ramma for trening i det du spring forbi fossefall, elvar, slipte fjellsider og mektige fjell. Eg kunne ha tenkt meg å jogge heilt opp til Oldeskaret eller Kattanakken, men det får vere til neste gong. Eg anbefaler deg å stoppe på Fjellstova når du kjem attende til bilen, der det ventar eit hyggeleg vertskap med nydeleg mat og forfriskingar. Enten du overnattar på ein av campingplassane i Briksdalen eller i di eiga seng, garanterer eg at du, slik turistar har gjort i over 150 år, kjenner deg opplevelsesrik som ein konge etter ein dag i naturens eige slott ".
Fred Syversen
Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg gjestar frå heile verda. God mat og drikke, overnatting i fjellstove, leiligheit eller hytte, fjellturar og eit innhaldsrikt suvenirhus gir deg gode minner frå Briksdalen.
Briksdalsbreen ligg i enden av Oldedalen, rundt 20 km frå Olden. Frå fjellstova er det ein om lag 3 km lang grusveg opp til breen. Du kan gå eller bli køyrd i open bil. "Trollbilane" køyrer 2,5 km og dei siste 500 meterane må ein gå. Stien er tilrettelagt for rullestol og barnevogn. Briksdalsbre Fjellstove er open frå mai til september.
Brebuss frå Stryn kvar dag frå 1. juni til 31. August.
Mange aktivitetar
I tunet ved fjellstova kan du stige på for Trollbilsafari til breen.
Fjellstova er også eit fint utgangspunkt for fjellturar til Oldeskaret og Kattanakken.
Langs naturstien kan du oppleve korleis den vidjetne Briksdalsbreen har forma det frodige dalføret gjennom fleire tusen år.
RELEVANTE PRODUKT