Blånibba

Område: Bremanger Type: Fottur Gradering: Ekstra krevende Lengde og varighet: 15,8 km, 11 timer. Turen går én vei, fra A-B Sesong: Jul - september

Blånibba (eller Gjegnen) er 1670 m.o.h. og toppen er den høgste i Bremanger.

Vestsida av Blånibba har eit nær loddrett fall på over 1200 meter ned til Bjørndalsvatnet. Den beste utsikta mot denne sida av fjellet har ein frå lenger ute i Nordfjorden. Når ein har kome til topps, kan ein vandre eit par hundre meter ned til Galleriet. Galleriet liknar på mange måtar på ein liten versjon av Preikestolen i Rogaland.

Naturen rundt Gjegnen er verkeleg noko for seg sjølv. Den vart til for 350 millionar...
Blånibba (eller Gjegnen) er 1670 m.o.h. og toppen er den høgste i Bremanger.

Vestsida av Blånibba har eit nær loddrett fall på over 1200 meter ned til Bjørndalsvatnet. Den beste utsikta mot denne sida av fjellet har ein frå lenger ute i Nordfjorden. Når ein har kome til topps, kan ein vandre eit par hundre meter ned til Galleriet. Galleriet liknar på mange måtar på ein liten versjon av Preikestolen i Rogaland.

Naturen rundt Gjegnen er verkeleg noko for seg sjølv. Den vart til for 350 millionar år sidan. Elvar og ras bygde opp lag på lag med sand, stein og leire som vart til nye fjell og rundt 200 unike fjellhyller med ein hellingsgrad frå aust mot vest på rundt 25 grader. På hyllene ligg det ofte eit lite vatn som her oppe i Gjegnen ser ut som smaragdgrøne smykkesteinar i alt det grå. Slik devonsk natur, finst få plassar på kloden og i 2009 vart det vedtatt at Ålfotbreen og området rundt, skulle vernast som Ålfotbreen landskapsvernområde.

Det er fleire ruter opp til Gjegnen. Denne ruta startar på Bremanger sida.
Fra Ålfoten til Yksneelvane, går det en veg til Førde i Ålfoten. Derifrå til Yksneelvane er det ein asfaltert anleggsveg, som er open for fri ferdsel. Vegen ca 7 km lang. Anleggsvegen opp er sperra med bom.

Vegen opp til utgangspunktet, er ca 6 km grusveg. Dersom det er mulig, ta med sykkel, då det er greit å sykle innover mot utgangspunktet, etter oppstiginga på vegen. Gjegnen kan sjåast stort sett heile turen opp til toppen. Frå ein forlet anleggsvegen, og opp til toppen, er det ca 11 km. Kritiske fasen er over Gjegnalundsbreen, som er ca 1 km lang. Den må kryssast for å nå toppen. Her må ein gå i tau over breen. Breen er heil flat og fin å gå på.

Info: