Kok og Bad

Dato: Måndag 3 mai 2021 - torsdag 2 feb 2023

Frå den flytande saunaen vår kan du nyte synet av sjarmerande rorbuer, små fiskebåtar og eit yrande fugleliv, kanskje du til og med ser havørna sveve majestetisk over vågen? Å ta eit bad i havet etterfulgt av den deilige varmen frå saunaen er ei velgjerande oppleving du bør unne deg om du er i Kalvåg, det kan fort bli eit minne for livet!

 

Dette treng du å ta med:

Handduk
Badekle
Drikke
Pose til våte klede etter besøket

Du kan leie handkle (59,-) / badekåpe (99,-) hos oss.

Vi har ikkje servering ombord, men du kan ta med deg det du sjølv ønsker å nyte under opphaldet, med ei begrensing på 2 alkoholeiningar per pers. Vi tillet ikkje knusande glas eller drikke med farge, som cola eller raudvin, då dette set merker i treverket om det blir sølt ut. Synleg berusa personar vil bli bortviste frå saunaen.

Du sjekker inn på saunaen ved å melde deg i resepsjonen på Knutholmen, her får du nødvendige instruksjoner til flåta. Saunaen har et romslig omkledningsrom med oppbevaringsplass til eigendelar og musikkanlegg med blåtann. Dusj og toalett finn du på land.

Hygiene og reinhald er viktig, og saunaen blir vaska og desinfisert mellom kvart opphald. Det er viktig at du både sjekker ut presist, slik at vi kan klargjere den til neste gjest.

Vi håper du får ei heilt unik oppleving, som blir eit minne du aldri gløymer! Om du deler bilete frå opphaldet i sosiale media, ikkje gløym å tagge oss @knutholmenas!

Saunaen bookes som ei eining med plass til max 10 personer.

Vis meir

Bestill no

Build: 05.05.2021 20:01:38, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails