Yrisetra

Address: 6788 Oldedalen Dato: Fredag 2 jul 2021 - torsdag 2 jul 2026 Vis kart

Address: 6788 Oldedalen

Område: Oldedalen
Type: Fottur
Gradering: Middels
Lengde: 1,2 km
Sesong: Heile året

 

Informasjon:

I tidlegare tider vart setrane nytta til støylsdrift om sommaren. Buskapen gjekk då på utmarksbeite i fjellet og vart melka på setra. Budeiene budde ofte på setra og hadde ansvaret for dyrehaldet desse månadane. Budeiene hadde også ansvaret for å lage ost og smør av melka. Produkta vart frakta nedatt til gardane på løypestreng. Første telefonen i Oldedalen vart montert på Yrisetra innanfor slik at dei kunne kommunisere heimatt til garden. Dette var i 1920.

Vegbeskrivelse til Yrisetrene:

For å kome til Yrisetra utanfor, følgjer du grusvegen oppover mot øvste garden på Yri. Vidare er det merka rås frå Bakkeyri og opp til setrevollen.

Yrisetra innanfor finn du ved å følge same grusveg ca 100 meter, før du tek til venstre over brua. Følg grusvegen vidare til Simatunet. Herfrå går turen vidare på merka rås.

Stiane opp til Yrisetrene går gjennom bratt terreng. På setrevollane kan du nyte utsikta både mot Melkevollsbreen i sør og Olden i nord. Frå Yrisetra utanfor kan du ta turen vidare til Yriskåla og Yribesseggen. Desse rutene er merka i varierande grad. Parkering mot avgift på Yrineset

I tidlegare tider vart setrane nytta til støylsdrift om sommaren. Buskapen gjekk då på utmarksbeite i fjellet og vart melka på setra. Budeiene budde ofte på setra og hadde ansvaret for dyrehaldet desse månadane. Budeiene hadde også ansvaret for å lage ost og smør av melka. Produkta vart frakta nedatt til gardane på løypestreng. Første telefonen i Oldedalen vart montert på Yrisetra innanfor slik at dei kunne kommunisere heimatt til garden. Dette var i 1920.

Vis meir

Anledning

Dato    
27 Jul
Tysdag 27 jul 2021
28 Jul
Onsdag 28 jul 2021
29 Jul
Torsdag 29 jul 2021
30 Jul
Fredag 30 jul 2021

Om denne aktiviteten

Telefon booking
+47 578 74 040
Telefonnummer
+47 578 74 040
Kontaktperson
Turistinformasjonen
Kontakt e-post
Build: 22.07.2021 10:48:21, Host: ONLINE3CORE20, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails