Address: Hydlavegen 25, 6783 Stryn
Ditt utgangspunkt for hygge til fjells. Berre 10 minutt frå Stryn sentrum finn du Hydlastova i tilknyting til Hydlaparken. Flotte turløyper om sommaren og skiløyper om vinteren finn du rett utanfor døra til Hydlastova.
Hydlastova er kafé i Hydlaparken sine opningstider. Vinterstid kan opningstidene variere noko, oppdaterte opningstider finn ein alltid på nettsida vår. I restauranten kan vi vise til ein meny som passar for alle. Varm mat, salat, kaffe i fleire variantar, kakao, kake og kanelbollar står mellom anna på menyen. Hydlastova er ditt utgangspunkt for gode opplevingar saman med familie og vener – sommar og vinter.
Hydlastova kan leigast til selskap, konferansar/teambuilding. Då tilbyr vi skreddarsydde pakkar ut i frå ditt ønske og behov.
På www.hydlastova.no vil du finne informasjon om planlagte arrangement. Dette kan til dømes vere konsertar, after-ski og andre tilstellingar.
Har du lyst til å samle kollegaer, familie og vener i unike omgjevnader? Ta kontakt på [email protected] eller tlf. 91 11 64 93 for reservasjon eller meir informasjon.
Om denne aktiviteten
I nærområdet
-
Sande CampingFeriehus & Leilegheiter11,8 kmSande Camping i Loen byr på overnatting i gode hytter og apartments, frå den ...
-
Fjordblikk HytterHytter, Overnatting, Hytter og Leilegheiter, Visit Norway, Listings, Hotels & More, Cottages & Holiday Houses11,9 kmVelkommen til Fjordblikk Hytter. Vi har fire hytter til utleige i rolige omg...
-
Sande CampingHytter14,4 kmPlusCamp Sande Camping byr på overnatting i hytter og apartments,både enkle s...
-
Hjelledalen HyttesenterHytter, Cottages & Holiday Houses, Listings, Hotels & More, Overnatting, Hytter og Leilegheiter, Visit Norway24,3 kmVelkomne til Hjelledalen Hyttesenter.