Kystpilegrimsleia

Address: Nabben, 6740 Selje Dato: Måndag 22 jun 2020 - søndag 22 jun 2025 Vis kart

Address: Nabben, 6740 Selje

Kystpilegrimsleia er ei spektakulær og vakker reise langs kysten med fjordar, øyer, holmar og skjær - ei saga frå viking til pilegrim. Reisa startar i Egersund og endar ved nasjonalheilagdomen Nidaros domkyrkje i Trondheim. Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta langs kystleia til Nidaros, som var det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa fram til reformasjonen i 1537.

I dag er e dette ei reisestrekning som byr på fantastiske naturopplevingar i ville og vakre kystområdar med enorme historiske og kulturelle verdiar. Det blir ei reise som berører, uansett om den er på ein dag eller på fleire veker.

I dag brukar dei fleste å kombinere sine reiser langs Kystpilegrimsleia med båt, buss og vandring. Ja, til og med sykkel kan brukas på ein del av strekningane.



Kystpilegrimsleia har 26 godkjende nøkkelstader, som er av særegen kulturell, historisk og tradisjonell verdi. I gamle Sogn og Fjordane fylke er dette Gulatinget i Gulen, Kvernsteinparken i Hyllestad, Kinn kyrkje og Svanøy hovedgård i Kinn og Selje kloster i Stad kommune.



Selje har status som regionalt pilegrimssenter, og har eit ansvar for råd og rettleiing for pilegrimar og andre reisande, næringsliv og interessentar knytt til nøkkelstadane.



Regionalt pilegrimssenter Selje er lokalisert i Selje i Stad kommune med den heilage øya Selja ein kort båttur unna. Øya Selja vart det første pilegrimsmålet i landet då Olav Tryggvason i år 996 fann relikviar i ei hole på øya. Relikviane som etter legenda er frå den gudfryktige kongsdottera Sunniva, som flykta frå Irland då ho mot sin vilje skulle giftast bort til ein heidensk vikinghøvding. Sankta Sunniva vart landets første helgen, og vår einaste kvinnelege helgen, etter at ho leid martyrdøden i hola på øya.

Selje pilegrimsstove

Pilegimsstova er lokalisert i Innbyggjartorget i kommunehuset i Selje. Her er det også bibliotek og ei kloster- og Sunnivautstilling.

Pilegrimsstova skal vere ein levande møtestad for pilegrimar og andre reisande. Her kan du få stempla pilegrimspasset ditt, møte andre pilegrimar, få tilgang til internett, toalett og tilgang til kjøkken der du kan lage deg ein kopp kaffi/te og ein matbit.

Her kan du planlegge ferda vidare, dele historier og få nyttig tips frå det lokale vertskapet. Selje pilegrimsstove skal vere ein varm stad der alle kjenner seg velkomne.

I kloster- og Sunnivautstillinga er der også eit lite rom for bøn/kontemplasjon.

Vis meir

Anledning

Dato    
10 Jul
Fredag 10 jul 2020
11 Jul
Laurdag 11 jul 2020
12 Jul
Søndag 12 jul 2020
13 Jul
Måndag 13 jul 2020

Om denne aktiviteten

Build: 08.07.2020 15:35:02, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails