Lovatnet

Address: 6789 Loen Dato: Torsdag 30 jul 2020 - onsdag 30 jul 2025 Vis kart

Address: 6789 Loen

Lovatnet er ein innsjø i Stryn kommune i Vestland fylke. Det som gjer Lovatnet så vakkert er den grøne fargen som kjem fra smeltevatnet frå breane som ligg på fjelltoppane kring.

Innsjøen har eit areal på 10,4 kvadratkilometer, den er 11 kilometer lang og den ligg 52 meter over havet. Lovatnet har flerie tilløp frå Jostedalsbreen og avløp ved Loelva til fjorden.

i 1905 og 1936 rasa det store masser med stein frå Ramnefjellet ned i Lovatnet, som begge gangane skapte flodbølger som tok med seg fleire garar og liv.

På sommaren går MS Kjenndal II på Lovatnet fra mai og til september. Turen går fra Sande til Kjenndalstova med 2 timers stopp.

Camping ved Lovatnet:
Du kan sette opp telt eller sove under stjernene kor som helst i utmark, så lenge du er minst 150 m frå nærmaste hus eller hytte. Om du skal telte på same plass meir enn 2 netter, er du pliktig til å spørje grunneigar, bortsett frå på høgfjellet eller langt i frå busette områder. Ver merksam på at det er fleire områder langs Lovatnet som er camping forbudt. Her er mange som trossar dette og campar likevel, men vi ber deg om å følge lover og reglar og ikkje gjere dette.

Vis meir

Anledning

Dato    
2 Okt
Fredag 2 okt 2020
3 Okt
Laurdag 3 okt 2020
4 Okt
Søndag 4 okt 2020
5 Okt
Måndag 5 okt 2020
Build: 23.09.2020 19:01:06, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails