Hovden på Stad | krigsminne

Address: 6750 Ervik Dato: Måndag 25 mai 2020 - søndag 25 mai 2025 Vis kart

Address: 6750 Ervik

Vinteren 1942-1943 starta tyskerane med arbeid på vegen som skulle gå frå Ervik til Hovden, men det var ikkje før i 1944 at plassen der vart teken i bruk. Her vart det plassert luftvernbatteri.

Grunnen til at desse vart bygd på Hovden var fordi den tyske marinen skulle kunne verne om eigne skip og konvoiar rundt stad mot allierte flyangrep. Gjennom Hovden går ein 100 meter lang tunnel og frå enden av denne vart det montert ei kabelbane ned til Little-Hovden der det også er sprengt ut ein liten tunnel. Hovdetunnelen har ein sidetunell som er nesten like lang, og endar i ei sjakt. Dette tunnelanlegget er ope, og det er sett opp informasjonstavle ved ein sti opp til Hovden.


Attmed vegen opp til Hovden låg ein leir med russiske krigsfangar som tyskarane sette inn i arbeidet på Hovden. I det harde arbeidet mista mange russarar livet, og dei vart provisorisk gravlagde like ved leiren. Like etter krigen vart gravene flytta til gravplassen ved kapellet i Ervik, og krossen med teksten "Her hviler 21 russere", er teken vare på. Gravene vart seinare flytta til ein eigen gravplass for russiske krigsfangar i Norge. Det ligg ikkje føre sikre tal for kor mange russarar det var i Ervik, men det kunne vere mellom 100 og 120. Heller ikkje talet på dei som mista livet er sikkert, men det kan vere ein stad mellom 21 og 32 krigsfangar.

Delar av tekst henta frå Fylkesarkivet.

Vis meir

Anledning

Dato    
28 Mai
Torsdag 28 mai 2020
29 Mai
Fredag 29 mai 2020
30 Mai
Laurdag 30 mai 2020
31 Mai
Søndag 31 mai 2020

I nærområdet


Unfortunately there is nothing to show in the nearby area. Instead, try a different category.
Build: 27.05.2020 13:22:26, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails