Breng

Address: Lodalen, 6789 Dato: Tysdag 28 jul 2020 - måndag 28 jul 2025 Vis kart

Address: Lodalen, 6789

Like ved Lovatnet ligg Breng seter. I gammal tid var dette eigen gard, men vart seinare seter for garden Sæten. Her var det tradisjonell stølsdrift fram til kring 1950. I 1970-åra var dette miljøet i ferd med å forfalle. Takka vere stor innsats frå eigarane og offentleg støtte vart Breng seter berga.

 

Like ved Lovatnet i Lodalen ligg Breng. Garden Breng har vert omtalt i ei rekke kjelde, den eldste heilt tilbake til 1340. Mange av desse kjeldene beskriv alle dei gongane Breng har blitt teke av fonna eller i vassdemme frå Brengselva.

På 1970-åra hadde sela og fjøsane starta å forfalle, og det vart satt i gang arbeid med å redde bygningane. Det var bøndene som eige sela og fjøsane som sto for store delar av dette arbeidet. På tida det var vanleg seterdrift var der 14 byggnigar, i dag er der 13 att.

I dag vert Breng framleis nytta som seter, men er også blitt ein populær badeplass for turistar og lokale.

Breng tiltrekke seg kvart år turistar som vil ta bilde av det godt vedlikehaldne kulturlandskapet og dei flotte bygningane, samt å campe i området. På grunn av dette har det komt nokre retningslinjer på plass for å bevare kulturlandskapet som nasjonalt ikon.

Desse retningslinjene dreiar seg om å hindre ulemper for grunneigar, samt fremje eit friluftsliv til glede for alle. For å få dette er det satt ned nokre retningslinjer for bruk av området, desse retningslinjene dreiar seg om søpplehandtering, bruk av toalett, parkering og eit forbud mot camping i området. Der er også eit forbud mot bruk av åpen ild utanfor tilvist område, dette for å unngå skade på dei gamle bygga på Breng.

Beskriving av kart (bilde 2):
Området merka A omfattar totalarealet som reglane gjeld for, inkludert også område B, C og D.
Område B er eit ålment tilgjengeleg badeområde og område C ei tilrettelagt korttidsparkering for
buss og bil. Område D vil verte/er tilrettelagt som korttids parkeringsplass.

Vis meir

Anledning

Dato    
24 Okt
Laurdag 24 okt 2020
25 Okt
Søndag 25 okt 2020
26 Okt
Måndag 26 okt 2020
27 Okt
Tysdag 27 okt 2020
Build: 21.10.2020 12:39:14, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails