Sagastad

Address: Sjøgata 41, 6770 Nordfjordeid Dato: Fredag 20 mar 2020 - torsdag 20 mar 2025 Vis kart

Address: Sjøgata 41, 6770 Nordfjordeid

Sagastad er vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida. Her kan du oppleve det 30 meter lange Myklebustskipet – eit av verdas største vikingskip. Lær om mystikk og ritualer, om store reiser i fantastiske skip, og om vår stolte kulturhistorie.

Med ei av landets rikaste, største og mest spektakulære vikinggraver midt i sentrum, er Nordfjordeid den openbare lokaliseringa av Sagastad. Det er i tillegg fleire andre undersøkte rike graver frå vikingtida på Nordfjordeid, som stadfestar staden si sentrale rolle på denne tida.

Sagastad er eit kunnskapssenter av nasjonalt format. Senteret er forankra i forskning i samarbeid med Universitetet i Bergen. Den mest sentrale delen av senteret er det spektakulære Myklebustskipet. Skipet ligg midt i senteret, omringa av interaktive utstillingar som hovudsakleg er knytte til skipet og dei andre gravfunna på Nordfjordeid.

Vis meir

Bestill no

Velg startdato:
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

Build: 25.03.2020 14:04:34, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails