Hodelyktstur til Holvikfossen

Address: Søstrandsvegen 6, 6823 Sandane Dato: Laurdag 22 feb 2020 - fredag 28 feb 2020 Vis kart

Address: Søstrandsvegen 6, 6823 Sandane

Vatnet i Holvikfossen styrtar 80 meter rett ned, og ønskjer deg velkomen til skogen med eit mektig brøl. Vi går Sherpabygde stiar gjennom skogen som berre er opplyst av lyskjegler frå hodelykter.

Det som er så fabelaktig med denne turen, er at den tar deg frå Sandane sentrum ved fjorden, og opp til fjellet på eit blunk. Vi legg fort sentrum bak oss, og entrar skogen, og like fort frå vi bruk for hovudlyktene. Når ein går i skogen i mørket, får ein kjensla av å vere heilt aleine. På toppen av Holvikfossen ser vi dei mørke silhuettane av fjella som kransar rundt fjorden. Vi trakkar forsiktig ut på utsiktsplattforma som strekker seg fleire meter ut i lause lufta rett ved sidan av den majestetiske fossen. På vegen tilbake, stoppar vi og fyrer bål, grillar pølser, og nyt atmosfæren som berre eit bål og gode historier kan skape i vintermørket.

Informasjon
Kor tid: 1. november – 28. februar, kvar dag frå 17.00 - 21.00
Oppmøte; Varden ved Sørstrandsvegen 6, Sandane
Tid og distanse: 4 timar, 4,5km, 400 høgdemeter
Minimum: 2 personar
Pris: 900kr
Alder: Minimum 10 år

Inkludert:
Guide

Du ordnar:
Passande klede for å vere fysisk aktiv i det aktuelle været og temperaturen.
Varmt mellomlag (til å ta på i pauser)
Liten ryggsekk (10-20 L)
Vasstette fjellsko
Vassflaske
Kamera

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Tilgjengeleg: 28.02.2020

Om denne aktiviteten

Build: 21.02.2020 20:00:30, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails