Topptur frå Hoven | Loen Skylift

Address: Loen Dato: Tysdag 13 aug 2019 - tysdag 13 aug 2024 Vis kart

Address: Loen

Topptur

Alpine skiturar frå Hoven – toppstasjonen til Loen Skylift. 

Den nye gondolen i Loen tek deg  rett frå Hotel Alexandra ved fjorden til Hoven 1000 over havnivå. Hoven er eit utgangspunkt for ei rekke spektakulære alpine skiturar. Skal ein ned igjen til fjordnivå må man gjennom komplekst terreng og flere av nedkjøringene går på bre.

Under presenterer noen alternativer av ulik vanskelighetsgrad og lengde. Vi anbefaler å bruke kvalifisert guide. Loen Active samarbeider med Breogfjelll sine IVBV/UIAGM/IFMGA-sertifiserte fjellguidar. 

Kort tur
Frå toppstasjonen går du 150 høgdemeter til Skredfjellet. Herifrå kan ein velge ulike nedkøyringar frå mellom 300 til 1000 meter avhengig av snø- og værforhold, og ferdighetsnivå. 

Medium til lang tur
Frå toppstasjonen må ein først gå 400 høgdemeter til Staurinibba. Denne toppen byr på 600 høgdemeter nedkøyring med fjordutsikt til Lohøgsætra. Frå denne stølen kan ein enten gå opp igjen til Hoven, og halde fram nedkøyringa til Loen, eller gå for ei ny bestigning av Sundshyrna, Dispahyrna eller Geitafjellshyrna. Desse toppane byr på opptil 1600 høgdemeter nedkøyring til Strynedalen (motsatt side av Loen), og på slutten av dagen vil du ha stått over 2000 meter ned på ski og kun gått opp 1400.

Lang til meget lang tur
Det første alternativet startar ved å bruke heisane til Stryn Vinterski opp til 1000 m.o.h. Herifrå går vi vidare opp til Natakupa (400 høgdemeter) før vi køyre ned opptil 1300 høgdemeter til dalen. Etter lunch på ein av dei koselege kafeane i Stryn sentrum tek vi taxi til Loen Skylift og velger oss eit av alternativa som er beskrevet over. Dersom snøforholda ligg til rette kan vi få opp til 3300 meter nedkøyring denne dagen.

Det andre alternativet byr på den spektakulære Hoven – Storskredfjellet traversen. Har du køyrt ned frå Strynefjellet har du garantert lagt merke til den slåande vakre fjelltoppen med den diamantforma breen som tronar over Oppstryn den toppen er Storskredfjellet og Breogfjell kan ta deg med på ski ned den breen. Turen byr på fleire valg. Det kortaste krever 1400 høgdemeter oppstigning og gjev 2100 meter nedkøyring. Det er også muligheter for å legge inn fleire kortare nedkøyringar og oppstigningar i fleire av dalane og rennene ein passerer på traversen mot Storskredfjellet. 

Vis meir

Anledning

Dato    
18 Aug
Søndag 18 aug 2019
19 Aug
Måndag 19 aug 2019
20 Aug
Tysdag 20 aug 2019
21 Aug
Onsdag 21 aug 2019

Om denne aktiviteten

Pensjonat og B&B

Stryn Vertshus

Avstand: 6,9 km
Stryn Vertshus ligg midt i hjertet av Stryn sentrum ved Per Bolstadplass. Her er det stort fokus på personleg service og målet er at du som gjest skal nyte opphaldet frå start til slutt. Det er gåavstand til busstasjon, restauranter og butikkar.

Pris frå 990 NOK

Per rom/natt
Pris frå 990 NOK