Langrenn | Gloppen

Dato: Onsdag 25 sep 2019 - onsdag 25 sep 2024 Vis kart

Løype i Gloppen frå Kleivane til Haugsvarden

Kleivane skisenter ligg 15 minutts køyringfrå Sandane Sentrum. Skisenteret ligger på ca 480 moh og er eit ypperleg utgangspunkt for å ta seg ein skitur. På kvardager vert løypene køyrt opp til ca kl 18 00 og i helgane vert dei vanligvis køyrt opp frå kl 9.00.

Det er parkeringsavgift på parkeringsplassen. Ein kan også kjøpe årsktort til kr 600,- på Cirkle K og Sparebanken Sogn og Fjordane på Sandane

Løypemannskapet til Fjellhug/Vereide køyrer løype frå Kleivane til Haugsvarden. Om ein ynskjer kan ein ta løypa om Gloppestad- og Austrheimstøylen.

Ofte er der skispor rett opp frå Kleivane skisenter, det er litt kortare og brattare enn der trakkemaskina køyrer.

Sjølv om Haugsvarden "berre" er på 862 moh har ein nydeleg utsikt! Vi ser mellom anna Sandane, Lote, Hennebygda, Hopland og Innvik. Av fjell kan vi nemne Ryssdalshornet, Traudalsnibba, Morafta, Eikeneshesten, Hyeneshesten, sendaren på Lote, Kyrkjefjellet, Sunndalsnipa, Sunnmørsalpane, Skåla og Snønipa!
Slik kommer du deg dit
Adkomst
På Austrheim tar ein av frå E39 og føl skilting til Fjellbygda/Kleivane.

Vis meir

Anledning

Dato    
24 Okt
Torsdag 24 okt 2019
25 Okt
Fredag 25 okt 2019
26 Okt
Laurdag 26 okt 2019
27 Okt
Søndag 27 okt 2019

Om denne aktiviteten

Build: 23.10.2019 18:47:58, Host: online3core17, DB: [email protected]:8080, Controller: Activity, Action: showdetails