Glomnesfossen

Address: 6798 Hjelledalen Dato: Onsdag 25 sep 2019 - onsdag 25 sep 2024 Vis kart

Address: 6798 Hjelledalen

"Ein blir aldri metta på å studere store fossefall. Slik er det også med Glomnesfossen. Med drønnet frå Glomnesfossen i bakgrunnen, fekk eg forsiktig fylt vannflaska. Vatnet var leskande og eg fekk også lyst til å ta ein dukkert. Eg lot det vere med ønsket. Når eg veit at smelta snø og is er bakgrunnen for det store fossefallet, vart det brått ikkje så attraktivt lenger ". - Fred Syversen

Glomnesfossen er ein stor og vakker foss i nærleiken av Hjelle ved Oppstrynsvatnet.

Køyrer ein langs Oppstrynsvatnet austover mot Grotli, kan ein sjå fossen på den andre sida av vatnet. Like før tunellen på Hjelle, kan du ta til høgre og køyre gamlevegen forbi hotellet og ta til venstre over elva mot Glomnes.

Køyr forsiktig for det er både skule og barnehage like ved. Køyr langs vatnet til du finn ein parkeringsplass. Parkeringa kostar pengar.

Spaser på grusvegen fram til gardstuna på Glomnes, det er også her ein kjem nedatt på vegen når ein har gått denne turen. Vis respekt for andre sin eigedom når ein går forbi hus til ein ser eit skilt med «Glomnesfossen». På høgre sida kan ein allereie sjå Glomnesfossen.

Frå vårsmeltinga og til langt ut på sommaren og hausten er fossen på sitt beste. Fossen har sitt utspring frå Glomsdøla lenger inne i Glomsdalen (12,9 km) og er mata av smelta snø og is frå fleire små isbrear. Ikkje alle er namngitt, men Nautbreen er ein av dei. Gjennomsnittlig volum av Glomsfossen er 2,45 m³ / s. Elva er beskytta mot kraftutvikling.

Dersom ein likar fotturar, er parkeringsplassen eit populært utgongspunkt for fleire turar. Ein av turane går langs fossen til fjellgarden Segestad (Sigdestad). Her har ein flott utsikt over Oppstrynsvatnet og dalen elles. Det er også mogleg å gå vidare inn i Glomnesdalen til Glomnessetra.

Vis meir

Anledning

Dato    
24 Okt
Torsdag 24 okt 2019
25 Okt
Fredag 25 okt 2019
26 Okt
Laurdag 26 okt 2019
27 Okt
Søndag 27 okt 2019
Build: 23.10.2019 18:47:58, Host: online3core18, DB: [email protected]:8080, Controller: Activity, Action: showdetails