Gryta

Address: 6783 stryn Vis kart

Address: 6783 stryn

Høgt over Stryn! Om du står på toppen av Gryta, er du - for ein augneblink om ikkje anna - høgast av alle i Strynebygda. Gryta ber namnet sitt med rette: Energigivande kvardagskost, som er enkel å lage.

Ein fin sti i motbakke, frå parkeringsplassen på Bøasetra. Turen endar på eit spektakulært utsiktspunkt med ei bratt fjellside som gir sommarfuglar i magen. Her oppe kan ein tjuvkikke på alle menneska i Stryn sentrum. Send ein venleg tanke. Dei anar ikkje kva som akkurat no blir servert.

Populær rute som lenge går på tørr, fin og barnevenleg sti. Først opp ein bratt kneik ovanfor sætra til ein kjem over tregrensa, så i slak stigning mot søraust, før ein dreier nordaustover langs med ei hylle midtvegs i fjellet. Til slutt dreier ein sørover opp ei noko bratt stigning, før ein når toppen. Ulendt å gå nokre stadar. Ruta er merka med raude prikkar heile vegen.

Eineståande utsiktspunkt finn ein på ca 960 m.o.h. rett sør for toppen. Lokalkjende brukar av og til den alternative ruta opp "Marakråna", som går langs ein luftig og smal fjellsti opp mellom skrentar og stup på sørsida av fjellet.

Ein tredje variant er å legge turen om Bubergskaret nord for toppen (ruta lengst mot venstre på veg opp). Denne ruta er også merka med raude prikkar. Denne ruta er slakare og litt lenger. Denne ruta har den beste stien. 

Same startpunkt for alle rutene. Stien til Bubergskaret tar av til venstre rett etter toppen på skiheisen. Stien til Marakråna tar av til høgre litt lenger oppe. Denne stien er ikkje merka.

Vis meir
Build: 11.11.2019 14:58:18, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails