Kattanakkjen

Address: 6788 Olden Vis kart

Address: 6788 Olden

Område: Oldedalen
Type: Fottur
Gradering: Krevjande
Lengde: 10,7 km
Sesong: April - September

 

Informasjon:

Der ingen skulle tru at nokon kunne gå på tur. Så feil kan ein altså ta. Fjellet Kattanakkjen er ein høgreist bauta. Kvar einaste dag med godt vêr er utsikta frå toppen magisk. Sjå Briksdalsbreen briskar seg, langt der nede, om-kransa av ville fjell, den mektige Jostedalsbreen og brusande fosse-fall. Inngangsbilletten er eigen-innsats - ei solid, men over-komeleg treningsøkt opp ei bratt fjellside, og luftig klyving for å kome heilt opp på eggen. Frå nokre vinklar ser turen umogleg ut. Men ein skal ikkje skue Kattanakken på håra.

Start frå parkeringsplassen i Briksdalen. Følg veg/sti mot Briksdalsbreen. Ta av til høgre rett før andre brua over elva. Følg stien innover skogen. Etterkvart dreier han sørover og går over nokre svaberg, før han svingar vestover og skrår oppover fjellsida heilt til ein kjem opp på ryggen på ca 700 moh. Vidare følgjer ein ryggen opp mot toppen. Kattanakken er ein spiss fjellrygg. Nokre stader vil turen opplevast som litt luftig.

Vegbeskrivelse:

Briksdalen ligg i enden av Oldedalen, rundt 20 km frå Olden sentrum.

Vis meir

Om denne aktiviteten

Telefonnummer
+47 57874040
Kontakt e-post
Build: 05.05.2021 20:01:38, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails