Rundtur Stryn - Loen - Stryn | Reis som dei lokale

Address: Perhusvegen 24, 6783 Stryn Dato: Onsdag 25 sep 2019 - tysdag 31 des 2019 Vis kart

Address: Perhusvegen 24, 6783 Stryn

Stryn - Loen - Stryn.

Denne turen tek deg frå Fagre Stryn til den vakre bygda Loen og Lodalen. Du blir nesten stum av den vakre og mektige naturen.

Vi anbefaler å ta den tidlege bussen til Loen, da du behøver ein del timar for å rekke over alt du vil sjå. Loen har mykje å by på, og det er lagt til rette for ein dag med mykje aktivitet og opplevingar.

Med eingong du kjem til Loen, kan du på høgre side finne Loen Skylift, som er ein spektakulær attraksjon og opplevingsarena. Ei av dei brattaste svevebanene i verda tek deg frå fjorden og 1011 meter rett opp. Turen tar 5 minutt og ein fantastisk oppleving for både store og små.

Om du er klar for ei større utfordring, kan du velje å klatre Via Ferrata opp til toppen. Det er ei klatrerute som tar ca 5 timar, alt etter kor god form du er i. På toppen kan du nyte eit godt måltid og ei majestetisk utsikt.

Vel nede igjen i Loen, kan du leige syklar ved Loen Active. Avslutt turen din i Loen med ein nydelig sykkeltur til Lodalen. Sykkelturen til Lodalen mellom høge fjell og det isblå brevatnet er noko som må opplevast. Kanskje det til og med fristar med eit bad i det iskalde brevatnet? Om eit bad ikkje freistar, men du vil sjå Lodalen frå vatnet, finns det moglegheit for å leige kano og kajakk ved dei fleste campingplassane. 

I Loen finn du også fjellet Skåla. Dette er ein spektakulær topptur med utsikt over fjord, fjell og isbrear som tradisjonelt er rekna å være den toppturen i Noreg med størt høgdeforskjell frå fjord til fjell. På dei gamle hellelagde stiane og steintrappene er det ei kulturoppleving å vandre her, med fantastisk fjordnatur på alle kantar. Turen passar for normalt godt trent, og du må rekne ca 8 timar frå fjord til fjell.

Når du er tilbake i Stryn, full av nye opplevingar og inntrykk, sett deg på ei kafé og nyt eit godt måltid medan du ser på dei nye bilda dine og det yrande livet i gatene.

Avgang frå: Stryn rutebilstasjon

Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Vis meir

Bestill no

Velg startdato:
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

  • Telefon booking
    +47 57 87 40 40
  • Telefonnummer
    +47 57 87 40 40
  • Kontakt e-post
Build: 23.10.2019 18:47:58, Host: online3core19, DB: [email protected]:8080, Controller: Activity, Action: showdetails